Åpenheitsrapportering

Åpenheitslova gjeld for Sogndal Idrettslag Fotball

Vi er omfatta av Åpenheitslova, vedteken av Stortinget i juni 2021, og gjeldande frå 1. juli 2022. Den gjeld sosial berekraft. Vi skal i vår verksemd kartleggja, førebyggja og avgrensa negative konsekvensar for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Dette gjeld oss sjølve og tilhøve vi bidreg til og tilhøve knytt til leverandørar og underleverandørar. Styret meiner vi i vårt arbeid saman med administrasjonen, gjennom aktivitet vi  gjort greie for her og i årsmeldinga for 2022 har:

- vore medvite det ansvaret verksemda har

- gjort oss kjende med påverknaden for verksemda på menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve

- sett i verk tiltak for å redusera faktisk eller mogleg negativ påverknad

- følgd med på om tiltaka verkar

- informert om tiltak og korleis dei verkar

- sørga for gjenoppretting der skade er skjedd

 

Vår verksemd:

  • er organisert som eit konsern med Sogndal Idrettslag Fotball er eit overordna FLI som skal drive idrett organisert i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite. Vi eig Fosshaugane AS, som eig og driftar eigedomsmassen på Fosshaugane Campus, samt Idrettssenteret AS (treningssenteret Spenst) og det i 2022 nystifta Sogndal eFotball AS. Vi er del av allianseidresslaget Sogndal Idrettslag der alle medlemmer har stemmerett på vårt årsmøte.
  • er meir enn berre eit fotballag og klubben sitt engasjement går langt utover det å berre spele fotball. Det å ta ein del i samfunnsansvaret i regionen er ein viktig del av vår overordna strategi og vi står bak over 100 arrangement i 2023. På dei aller, aller fleste av desse får unge i ulike aldrar og av begge kjønn utfalde seg og utvikle sine interesser og anlegg. Vi legg sterkt til rette for å inkludera og delta
  • føl norsk lovverk for helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen og for likestilling og fråvær av diskriminering. Vi krev det same av våre leverandørar og forretningspartnarar som vi krev av oss sjølve. Vi har godt forankra arbeidet med menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i interne retningslinjer og rutinar. Våre vedtekter vart godkjent av Idrettsstyret 22.02.99. Sportsplanen revidert i 2023 er i dag sjølve hjørnesteinen i drifta av Sogndal Idrettslag Fotball. Den gjeld frå A-lag til akademi. Og Klubbhandboka vart oppdatert i 2022.
  • oppmodar alle som oppdagar uønska avvik om å nytte NFF sin anonyme varslingskanal og klagemekanisme som skal avdekke negative konsekvensar, eller gje beskjed direkte til oss.

Vi gjer aktsemdsvurderingar knytt til dei viktige aktørane i våre verdikjeder. Mange av dei må no sjølve gjere sine aktsemdsvurderingar. Du finn informasjon om våre generalsponsorar sitt arbeid med berekraft på deira nettsider. Dei tre viktigaste leverandørane for kvar av våre  konsernorganisasjonar er, med våre risikovurderingar, følgjande:

 

  • Vi vurderer at risiko knytt til vår aktivitet er i stor grad knytt til spelarkjøp og sal. Her føl vi bransjepraksis i Noreg og NFF-rettningslinjer for berekraft, dialog, kontrakter og  agentbruk
  • Vi vurderer at risiko ved dei viktigaste leverandørane for våre konsernorganisasjonar er låg.
  • Våre tiltak skal minimere risikoen for avvik. Om du har spørsmål tek du kontakt  direkte til oss.

 

Annonse fra Obos-ligaen: