Akkreditering for presse

Informasjon og akkrediteringsskjema

Sogndal Fotball ynskjer hjarteleg velkomen til Sogndal og Fosshaugane Campus!

 Send e-post til Lars-Olav Hausberg for å søke om presseakkreditering til Sogndal Fotball sine heimekampar.

Søknad skal innehalde:
Mediehus
Fullt namn
Type akkreditering (Skrivande journalist/foto/radio/TV)
Telefonnummer

Akkrediteringsfrist: Seinast 2 dagar (48 timar) før kampstart.

 Held ein ikkje fristen, får ein ikkje innvilga akkreditering. 

Utlevering av akkrediteringsbevis
Utlevering av akkrediteringsbevis skjer kun ved personleg oppmøte i sekretariatet (inngang ved sidan av BillettBui) på Fosshaugane Campus frå 2 timar før kampstart. Pressebevis må synast fram.

Ut- og innlevering av fotovest
Utlevering av fotovest skjer der ein hentar akkrediteringsbevis. Fotovesten skal leverast til pressevert i Mixed Zone eller på presserom etter kampslutt.

For meir info, les Informasjon til presse.

Ved spørsmål: Kontakt Lars-Olav Hausberg på E-post, eller ring 920 92 016

Ikkje-arbeidande presse, medlemmar i Norsk Journalistlag og Norske Sportsjournalisters Forbund har rett på 2 adgangsteikn til kampar i OBOS-ligaen denne sesongen. Dette må meldast inn minst 3 dagar før avspark på E-post. Gyldig dokumentasjon må synest fram.

Velkomen til kamp!

 

Annonse fra Obos-ligaen: