Informasjon til presse

Besøkande presse? Les her!

Velkommen til Fosshaugane Campus!

Pressefasilitetar

Akkreditert presse har arbeidsrom i 3. etasje midt på Sognekrafttribuna (Presserommet) og arbeidsplassar på tribuna utanfor. Både presserommet og arbeidsplass har tilgang til internett via wifi. Påloggingsinfo er på presserommet.

Presserom og arbeidsplassar er bemanna med personell frå Sogndal Fotball minimum 1 time før kamp og 30 minutter etter kamp. Plassane kan nyttast til anlegget vert stengt om lag 2 timar etter kamp.

Om lag 1 time før kamp vert lagoppstillingar delt ut på presserommet/pressetribuna. Treng du anna informasjon om kampen, anlegget eller laga, ta kontakt med våre representantar.

Etter kampslutt har akkreditert presse tilgang til Mixed Zone. Her møter de representantar for begge laga og dommarar. Intervjuønskjer må meldast til pressevert i tida rundt kampslutt.

Mixed Zone ligg i 0. etasje ved port 3.

Pressefotografar

Fotosone er bak måla. Ein kan bevege seg i området frå sidelinja til 16-meteren under kamp. Om du ønskjer å byte side kan ein flytte seg når spelet er på motsatt banehalvdel. Ein skal ikkje vera ein hindring for verken spelarar eller dommarar, så ta omsyn.
Det er mogleg å jobbe ved spelartunnel under innmarsj.
For meir info om fotosoner, ta kontakt med presseansvarleg før kampen. 

For å kome ut på arena skal verandadør mellom kortside mot Sognahallen og Sognekrafttribuna i 1. etasje nyttast. Døra finn du ved å gå til Bakkeplassen.

Forflytning mellom dei to fotosonene skal kun skje i pausen.

 Spørsmål? Ta kontakt på media@sogndalfotball.no

Annonse fra Obos-ligaen: