2. runde NM: Florø - Sogndal i dag klokka 15:00

Me er på veg til Ullevaal!

I dag startar ein med 2. runde i NM over det ganske land og me skal til Florø!

For ei veke sidan slo me Fjøra med 3-0 på Fosshaugane, medan laget frå Palmekysten halte i land ein 1-0 siger mot Årdal.

Me har hatt grastrening på den strøkne bana på Hafslo denne veka. Der slo me av ein prat med trenar Eirik Bakke





Endre Kupen var ein populær mann på dagens arena då han spelte for Florø, han gler seg både til grasbane og gjensyn med byen.

Om du har tenkt deg på kampen, kan du kjøpa billetten din her Det er meldt flott vêr på Palmekysten i dag med sol og 18 grader, så det er berre å ta turen!

Er du på ferie og ikkje får sett kampen på stadion i Florø, kan du sjå den på Sogn Avis Der blir det levande bilete og kommentator.

Her kan du sjå kampoppsettet for runde to av NM

2. runde NM

Florø - Sogndal
Florø Stadion
Avspark klokka 15:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: