3 poeng mot Moss!

Felix Eriksson sitt mål sikra oss 3 poeng mot Moss


Me sit igjen med 3 deilige poeng etter kampen mot Moss. Mange sjansar utan utteljing før pause gjorde at det stod 0-0 halvvegs, men i andreomgang satte Felix Eriksson ballen i mål!

Fosshaugadn bada i sol, og i fyrste omgang fekk me servert mange gode målsjansar. Tidleg i omgangen var det nære på etter ein overgang. Avslutninga til Felix Eriksson vart redda, og på returen fekk keeper frispark etter eit samanstøyt med Erik Flataker. Nokre minutt seinare kom det innlegg frå Martin Sjølstad på venstresida. Edmund Baidoo heada inn mot Erik Flataker som stanga ballen i tverrliggaren. Også Oliver Hintsa var farleg frampå ved fleire anledningar, men ballen ville ikkje i mål.

Etter pause var det Moss som kom best i gang, og det tok tid før dei store sjansane kom. Ikkje før i det 71. minutt kom dagens einaste scoring, og den kom på ein uventa måte. Felix Eriksson vart felt eit godt stykke utanfor 16-meteren. Frisparket tok han sjølv og sendte ein pasning langs bakken mot Per-Egil Flo. Kapteinen bomma, og ballen gjekk rett i mål utan at nokon fekk foten på den. Per-Egil hevdar for ordens skuld at han hoppa over med vilje;) 

K P
4 Levanger 6 9
5 Sogndal 6 9
6 Bryne 6 9
7 Vålerenga 6 8

Dette vart kampens einaste mål, og sigeren var i boks. Årets fyrste kamp utan baklengsmål er det også kjekt å ta med seg. No vender me fokus mot neste kamp, som kjem allereie på onsdag. Då møter me Frøya i cupen. 

Tusen takk til alle som kom på kamp i dag! Me håpar å sjå dykk tilbake på Fosshaugadn snart! Allereie i morgon er det mykje fotball å sjå, og me håpar det kjem mange for å sjå på laga våre då også. Sogndal 2 spelar blant anna mot Studentspretten klokka 16:30.

Oversikt over kampane kan du sjå her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: