Bli med på leiarkurs i regi av NFF Sogn og Fjordane!

Er du ung og engasjert med ønskje om å bidra i eigen klubb?


Er du ung og engasjert med ønskje om å bidra i eigen klubb?

NFF Sogn og Fjordane vil også i år tilby eit leiarprogram for ungdom, der me ønskjer å motivere ungdom til å bidra/ta ulike verv i klubben sin. Målet er at kurset skal gje tryggleik og kompetanse som deltakarane kan bruke i eigen klubb. Samstundes ønskjer me at unge kan utvide nettverket sitt og møte andre unge som kan inspirere, motivere og støtte kvarandre. Gjennom to fysiske samlingar vil me legge opp til fagleg innhald, personleg utvikling og gode diskusjonar. Deltakarane vil gjennom programmet få NFF Fotballeiar 1 kurs. I tillegg til dei to fysiske samlingane vil det bli eit oppfølgingsmøte med deltakarane digitalt.

To samlingar:

6.april (Fosshaugane Campus)

  • Bli kjent, fokus på eigen leiarstil og relasjonsbygging
  • Ein del av Fotballeiar 1 (Fotballens verdiar og organisering)
  • Kamp: Sogndal – Mjøndalen


31.august (Thon Hotell Skei)

  • Fotballeiar 1 (lover og reglar)
  • Refleksjonsoppgåver, erfaringsutveksling og diskusjonar om fotballrelaterte emner.


Den digitale samlinga finn me saman ein dato til.

Praktisk erfaring

I tillegg til samlingane vil deltakarane få praktisk erfaring gjennom rolle i eigen klubb, eller gjennom bidrag i krets i samband med samlingar eller andre tiltak.

Vi anbefaler at du har ein kontaktperson i klubb eller krets som skal vere ein støttespelar, vegvisar og pådrivar for deg gjennom programmet. Kontaktpersonen kan til dømes sitte i styret, i gruppestyret eller vere tilsett i klubben din. Dersom du ønsker oppgåver i krets, vil kontaktperson bli avklart etter påmelding.

Er du usikker på korleis du kan bidra eller kven du skal kontakte? Snakk med trenaren din, leiar i klubben, eller kontaktpersonar i krets.

Kriterium og generell informasjon:

  • Alder: 18-29 år
  • Du som har ei rolle i klubb eller som ser for deg at du ønsker å bidra i fotballen i framtida
  • Du er motivert og engasjert
  • Du forpliktar deg til å delta på alle samlingane
  • Kursavgift kr 700 (betalast av klubben din)
  • Kostnadar utover dette vert dekka av krets

Programmet vil gje deg nyttig kompetanse i høve fotballen si organisering, utvikle eigen leiarstil, samt eit nettverk som du kan dra nytte av resten av livet.

Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Meld deg på no!

Påmeldingsskjema finn du her!

Har du spørsmål i høve kurset?

Ta kontakt med Vårin Ness, varin.ness@fotball.no , tel: 91 33 89 72

Teksten er skrive av Vårin Ness og henta frå NFF Sogn og Fjordane sine nettsider.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: