Bli med på tur til Oslo 1. april!

Me arrangerar tur til Oslo når me møter Vålerenga i 1. serierunde! - Bli med!

Sogndal mot Vålerenga. By mot bygd. Lat oss visa kven som er best!

1. april er det klart for fyrste serierunde i OBOS-ligaen 2024. Me skal til Oslo for å møte Vålerenga på Intility Arena. Vålerenga som rykka ned frå Eliteserien skal få kjenne at OBOS-ligaen ikkje er enkel. Bli med oss på tur for å henta heim 3 poeng!

Prisar:

  • Ordinær pris: 650,-
  • Barn 0-16 år: 400,-
  • Student: 500,-
  • Medlem i Saftkokaradn: 450,-
  • Medlem + student: 400,-

Ønskjer du å bli medlem i Saftkokaradn finn du informasjon på deira heimeside!

Prisen dekkjer tur-retur transport frå Sogndal Skysstasjon til Oslo. Avreise frå Sogndal er 1. april klokka 07:30. Forventa ankomst i Oslo er 14:30. Retur til Sogndal blir rett etter kampen. Det er også mogleg å bli med berre ein veg (full pris).

Bli med på denne minneverdige reisa og bidra til å skape ei fantastisk atmosfære medan me støttar laget vårt mot siger! Dei fyrste 30 påmelde er med i trekninga av kampbillett inkludert i prisen, så meld deg på no!

Meld deg på turen her!

Påmeldinga er bindande, og påmeldingsfrist er mandag 25. mars!

Me kjem attende med meir informasjon før avreise. Inviter nokon du kjenner med på tur!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: