Cupen: Frøya - Sogndal

Me er klare for 2. runde i NM og cupfest mot Frøya

  • Frøya - Sogndal
  • Onsdag 24. april kl. 18:00
  • Frøya Idrettspark

Kjøp billett her!

Det er klart for 2. runde i cupen, og me skal til Bergen for å møte Frøya. I den fyrste runden vann dei 2-0 borte mot Os på Kuventræ. Vegard Prestnes Jørgensen og Robin Johnsen Vindenes scora dei to måla. Frøya spelar i Norsk Tipping-ligaen avdeling 1, saman med dei tre laga frå Sogn og Fjordane. No i helga enda det med 1-3-tap heime for serieleiar Førde.

No ventar cupfest på Frøya idrettspark, og me håpar å avansere til neste runde. Kampen spelast på onsdag klokka 18:00, og me håpar det kjem mange sogningar og Sogndalssupportarar på kamp! 

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: