IMG_5503 a

Deilig siger mot Mjøndalen!

Me har fått ein kjempestart på sesongen og sikra årets fyrste siger mot Mjøndalen!

Sesongens fyrste heimekamp er ferdigspelt, og sesongens fyrste siger er sikra. Daniel Arrocha x2 og Edmund Baidoo sikra ein herleg 3-1-siger mot Mjøndalen i dag! Her er høgdepunkta:


Det fyrste målet kom fyrst etter 28 minutt, og det var Mjøndalen som tok leiinga. Ein corner frå høgre vart stanga i mål frå Rasmus Holten, og bortelaget var i føringa. Det ville ikkje vår danske midtstoppar ha noko av.

I det 36. minutt fekk me straffespark når ballen traff armen til Mjøndalen sin Peder Vogt. Daniel Arrocha satte ballen hardt og kontant ned til venstre og i mål. Det var aldri nokon tvil om at den ballen skulle i mål, og dansken kunne juble framfor Saftkokaradn!

Målet ga ein skikkeleg boost og karadn gjekk rett i angrep igjen. Berre 2 minutt etter ballen låg i mål vart Andreas Hoven stanga ned inne i feltet. Nytt straffespark og skikkeleg trøkk på Fosshaugadn. Igjen var det Daniel Arrocha som gjekk fram, og han var like sikker denne gongen. Ballen suste opp i høgre kryss, og det stod 2-1 på tavla! Det var også stillinga til pause, men etter kvilen var det meir å sjå fram til!

Når det var spelt 65 minutt kom den siste scoringa for dagen, og det var Edmund Baidoo som fekk æra av å fastsetje resultatet til 3-1. Erik Flataker og Oliver Hintsa kombinerte seg framover i bana, men ballen vart klarert ut til Martin Sjølstad. Innlegget frå venstrebacken traff ryggen til Felix Eriksson og rett framfor keeper dukka Edmund Baidoo opp og tuppa ballen i mål! Dette var 18-åringen sitt fyrste mål for Sogndal i OBOS-ligaen!

Det var ein nøgd tomålsscorar me møtte i mixed-zone etter kampen:


No skal me nyte denne sigeren i kveld og i morgon, men på måndag er karadn i full gang med førebuinga til neste kamp. Allereie på onsdag møter me Førde på bortebane i cupen. Kampen spelast klokka 17:30, og me håpar me får sjå Sogndalssupportarar på tribuna!

STAO NO PAO!

 

Annonse fra Obos-ligaen: