Fantastisk siger!

Karane slo til med 4-0 over Ranheim i dag!


Me har vunne 4-0 mot Ranheim, ein siger som smakar så utruleg godt!

Les om kampen i Sogn Avis

Karane gjekk eksplosivt ut fra startblokkane i dag. Før minuttet var spelt, skåra Kristoffer Nessø, og berre to minutt etter skåra ein annan Kristoffer til 0-2 på resultattavla! Hoven var frampå igjen til 0-3 etter berre 15 minutt, og det var nesten så ein måtte klypa seg i armen! Oksen frå Konnerud ville ha ei skåring til, men domaren var ikkje einig i at ballen var over streken.

I andre omgang dundra Daniel Eid ein susar i mål til 0-4, og heilt bakerst stod Morice ein god kamp og fekk clean sheet. Han hadde ein veldig viktig og god redning på 0-3.

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

I dag hadde me ein gjeng med heltar i Trondheim, men me skal ikkje ta av. Allereie på fredag får me tøff motstand. Då kjem Aalesund til oss.

Ranheim – Sogndal 0–4 (0–3)

OBOS-ligaen, 5. serierunde, Extra Arena, laurdag 12. juni

Mål: 0–1 Kristoffer Nessø 1. min, 0–2 Kristoffer Hoven 2. min, 0–3 Hoven 16. min, 0–4 Daniel Eid 67. min

Gule kort: Per-Egil Flo, Sogndal

Tilskodarar: 0

Domar: Ole-Alexander Ekeli Valen, Kråkerøy IL

Ranheim (4–3–3): Nicklas Frenderup – Daniel Kvande (Sondre Langås frå 46.), Christian Eggen Rismark, Erik Tønne, Øyvind Alseth (Jarl Magnus Knutsen frå 46.) – Mads Reginiussen, Ruben Alte, Jakob Tromsdal (Adriá Lopez frå 77.) – Bo Marklund, Marcus Mehnert (Michael Karlsen frå 61.) Sivert Solli (Filip Brattbakk frå 77.)

Sogndal (3–4–3): Serigne Mbaye – Tord Salte, Mansour Gueye, Martin Ove Roseth – Daniel Eid, Kristoffer Valsvik (Noah Solskjær frå 90.), Axel Kryger (Tobias Bjørnebye frå 71.), Per-Egil Flo – Kristoffer Nessø (Johan Bakke frå 90.), Jerome Akor Adams (Endre Kupen frå 78.), Kristoffer Hoven (Andreas Hoven frå 78.)

Annonse fra Obos-ligaen: