Før Avspark

Ranheim - Sogndal, Extra Arena, Avspark klokka 18:00

Me gjer oss klare til den femte serierunden av OBOS-ligaen 2021, og i dag er me i Trondheim og skal spela mot Ranheim!

I går starta karane dagen med ei lett treningsøkt med litt leik med ball på Fosshaugane, før Sveinung frakta dei til Trøndelag. Undervegs vart det fleire stopp for å strekke på beina, mellom anna på turens høgste punkt på Sognefjellet. Utpå kveldinga rulla me inn i Barteby, og her har tida gått med til å førebu seg godt inn mot kampen.

198512475_233702128582643_5796674670036455365_n.jpg
Karane fekk seg ein fin beinstrekk på Sognefjellet

Slik gjekk det i den fjerde runden av årets OBOS-liga.

I dag har me desse kampane

Alle kampane har avspark klokka 18:00, utanom AaFK - FFK med avspark 20:00
Alle kampane har avspark klokka 18:00, utanom AaFK - FFK med avspark 20:00

Sidan sist har karane hatt litt fri, Mansour Gueye er tilbake frå skade og me har fått inn ein ny kar; Tord Salte frå Viking Me har óg fått ein nybakt pappa i gjengen! Hedda og Per-Egil fekk si jente nummer tre på tysdag! Me gratulera!

Kristoffer Valsvik gler seg til kamp i Ranheimsfjæra





Trenar Eirik Bakke er optimist før kampen

Sogn Avis legg vekt på at dette har vore ein vond arena for våre karar. Det er ikkje vårt fokus no, det som har vore er historie, og i dag skal me skriva eit nytt kapittel. Karane har trøkka bra til på treningane denne veka, og me skal få sjå karar som vil opp og fram i dag!

Firdaliven har fyldig kampreferat før, under og etter avspark.

Me gler oss til kamp!
 

Sogndal_runde_5.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: