Før Avspark

Sogndal - Grorud. Fosshaugane Campus, laurdag kl 15:00

Me har knapt komen heimatt til vakre Sogndal før det er på med kampdrakta på ny.

OBOS-ligaen rullar vidare, me er framme ved runde 12, som består av desse kampane

Det var ein glad gjeng som reiste heim med tre poeng etter sigeren mot Bryne på måndag. Slik gjekk det i dei andre kampane i den runden.





I fjor slo me Grorud her med 2-1 etter mål av Kristoffer Hoven og Peter Michael.

Me har denne tabellen før helgas kampar

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 HamKam HamKam 13 8 2 3 26 13 13 26 T V T V V
2 Fredrikstad Fredrikstad 13 7 4 2 25 16 9 25 U V V V U
3 Jerv Jerv 13 7 4 2 22 20 2 25 V U U V V
4 Aalesund Aalesund 13 7 3 3 21 16 5 24 V U V U V
5 Sogndal Sogndal 13 6 3 4 20 13 7 21 V V V U T
6 KFUM KFUM 13 4 5 4 19 17 2 17 V U T T V
7 Start Start 13 5 2 6 23 23 0 17 V U V T T
8 Bryne Bryne 13 5 2 6 20 21 -1 17 T T T T V
9 Ranheim TF Ranheim TF 13 4 4 5 21 22 -1 16 T V V U U
10 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 13 4 4 5 18 20 -2 16 V U U U T
11 Åsane Åsane 13 5 1 7 15 20 -5 16 T T V T T
12 Raufoss Raufoss 13 4 3 6 24 23 1 15 T U T V T
13 Strømmen Strømmen 13 2 7 4 9 13 -4 13 U U T U V
14 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 13 3 4 6 13 20 -7 13 V T T U T
15 Stjørdals-Blink Stjørdals-Blink 13 4 1 8 13 25 -12 13 T U V V T
16 Grorud Grorud 13 3 3 7 16 23 -7 12 T T T T V

Daniel Eid sprang til krampa tok han mot Bryne og var særs glad etter kampslutt. No har den energiske karen frå Ulsteinvik nullstilt, og er klar til nye tak på høgresida vår.





Trenar Eirik Bakke er tydeleg på at me må levera max om me skal ta tre poeng i morgon.

Me håpar at mange tek turen på Fosshaugane i morgon! Yr kan melda om overskya, rett i underkant av 20 grader og bittelitt regn under kampen - sler det til, får ein ikkje meir perfekt fotballvêr enn det!

Billett til kampen kan  du kjøpa her

Stao no pao!!
 

Sogndal_runde_12.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: