Fotball som drivkraft i lokalsamfunnet!

29. februar inviterte NFF Sogn og Fjordane til dialogmøte med fotballpresident Lise Klaveness i Sogndal!

Styreleiar i NFF Sogn og Fjordane, Arve Helle, leia forsamlinga av klubbleiarar, næringslivsaktørar og lokalpolitikarar på stødig vis gjennom eit program knytt til temaet «Fotball som drivkraft i samfunnet».

Lise Klaveness gav ein kort status frå forbundet, samt refleksjonar og assosiasjonar knytt til Sogndal og NFF Sogn og Fjordane. Etter ei utfordrande tid med pandemi, ser ein gode tal både nasjonalt og lokalt!

Christian Frøyd informera vidare om prosjektet «Empowering Girls Through Football» som er eit stort pågåande prosjekt i Noreg og Brasil. I veke 10 og 11 (4.-15.mars) skal det vera workshop på Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Her vert det spennande fagleg innhald frå morgon til kveld.

Sjå meir her!

Vidare fekk våre to herlege, Ida Solheim og Terje Teigen, ordet i forsamlinga. Her fekk dei fortelje at i løpet av året er det mykje aktivitet på Fosshaugane Campus, som medfølger ein del ryddearbeid der Ida tek eit stort ansvar ved å samle flasker og dele ut fortenesta til ulike formål. Det var dermed stor stas når det var sjølvaste fotballpresidenten som skulle ta i mot gåva frå Ida. Midlane vil gå til «Fotball for Ukraina» og Lise takka Ida audmjukt.

Godt jobba Ida, me er so stolte!

Ida og Lise Klaveness.jpg

Samlinga hadde til slutt ein paneldebatt der klubbane Sogndal FK Damer, Førde IL Fotball, Breimsbygda Idrettslag og Vik IL deltok. I tillegg var fotballpresident Lise Klaveness, Sparebanken Sogn og Fjordane og ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune med i debatten. Ein svinga innom mange spennande tema og kunne nok haldt på nokre dagar, men likskap i tilbod, fotballens samfunnsnytte, topp- og breidde, økonomi og anlegg stod sentralt. Totalt sett, sit ein att med ei kjensle av at NFF Sogn og Fjordane driv godt og at fotballen er ein fin plass å vera med mange ivrige bidragsytarar.

Sogndal Fotball takkar for invitasjonen og ei inspirerande samling!

STAO NO PAO!

Foto: Sebastian Kaldestad og Kristian Ask

Annonse fra Obos-ligaen: