Tor Stian og Marianne er gode vener

Inkludering, fotballglede og engasjement!

Sogndal United viser kva fotball verkeleg handlar om

Store smil, latter, fotballglede og innsats. Kvar onsdag frå klokka 19:00 til 20:00 er det full fart i Sognahallen, og Sogndal United viser kva fotball verkeleg handlar om.

Kva er Sogndal United?

- Sogndal United er eit tilrettelagt fotballag. Det er ein gjeng som trenar saman kvar onsdag, og har det kjekt saman med fotballen. I tillegg til dei faste treningane blir det også arrangert samlingar der ein inviterar inn spelarar frå andre delar av fylket, fortel trenar Marianne Raad Larsen.

Kven er Sogndal United for?

- Sogndal United er eit fotballtilbod for dei med funksjons og utviklingsnedsetting, samt personar med utfordringar frå rus og psykiatri. Tilbodet dekkjer i hovudsak Sogndal kommune, og nærområdet rundt Sogndal. Alle er velkomne, og me inviterar også inn dei med litt lenger reiseveg.

Kvifor er Sogndal United viktig for Sogndal Fotball?

- Det er ein viktig sosial arena for deltakarane. Som klubb er det viktig at ein har eit slikt tilbod. Det kan gjerast veldig enkelt: Møt opp med nokre fotballar og lag ei samling for dei som ønskjer å vera med. Spelarane får kjenne på samhald og tilhøyrsle, og dei opplever meistring. Det er viktig at dei får utfordra seg, og kjenne at dei kan få det til.

Korleis er tilbodet oppbygd?

- Akkurat no har me har ei treningsøkt i veka, men med moglegheit for å auke omfanget. Øktene er tilrettelagte fotballtreningar som blir tilpassa etter deltakarane. Alle skal kunne delta, og me planlegg treningar som gjer at alle vil kjenne på meistring. Spelarane får også vera med å avgjera kva dei vil gjera på trening.

Det er Marianne Raad Larsen og Endre Kupen som er hovudansvarleg for Sogndal United. Dei har ansvar for planlegging av øktene, dialog med deltakarane og føresette og andre praktiske ting rundt drifta av eit fotballag. På treningane er det også med studentar som bidreg, og A-lagsspelarar er også på besøk med gjamne mellomrom.

IMG_6939 a.JPG
Marianne Raad Larsen er ein av dei hovudansvarlege for Sogndal United

Laurdag 20. april arrangerte Sogndal United tilrettelagt fotballdag i Sognehallen. Stryn United vart invitert til Sogndal, og saman gjennomførte dei ein kjekk fotballdag. Ulike øvingar med ball, konkurransar og sjølvsagt fotballkamp mellom Sogndal United og Stryn United stod på programmet.

I siste del av dagen fekk dei besøk av Daniel Gjerde Sætren og Óskar Borgþórsson. A-lagsspelarane blei med på treninga, og spelte på kvar sitt lag under kampen mellom Stryn og Sogndal. Kampen vart målrik og begge lag scora mange flotte mål. Då er det viktig å feira ordentlig:

 

Etter ein lang dag med fotballtrening og kamp var det OBOS-ligaen og Sogndal mot Moss som venta. I eit eige rom på Fosshaugadn vart det servert mat og drikke før kampen. Her kom heile A-laget på besøk for ein liten prat og biletetaking.

WhatsApp Bilde 2024-04-22 kl. 14.34.19_c0c24b0b.jpg
Sogndal United saman med A-laget

Ute på Fosshaugadn var det klart for Sogndal - Moss, og gjengen i Sogndal United fekk sjå Felix Eriksson sette frisparket i mål rett framfor dei. 3 poeng var sikra, og ei god oppleving på tribuna var eit faktum. I pausen fekk heile laget ta turen ut på kunstgraset for å motta ei gåve frå Saftkokaradn.

"Kvart år deler Saftkokaradn ut eit velgjerande bidrag til grupper eller enkeltpersonar som fortener litt ekstra merksemd og støtte. I år delast summen på 3000 kroner ut til den fantastiske gjengen i Sogndal United! Sogndal United er eit tilrettelagt fotballtilbod for personar med funksjons- og utviklingsnedsetting. Denne gjengen viser kva fotballen verkeleg handlar om - inkludering, samhald og fotballglede!”, var teksten speaker las opp medan spelarane kom ut på bana.

Bilde 20.04.2024, 16 52 05.jpg
Sogndal United og Saftkokaradn

Sogndal United er ein flott gjeng, og dei har plass til fleire. Marianne og Endre tek i mot dei som ønskjer å spela fotball med opne armar. For det er nettopp dette det handlar om - Inkludering, fotballglede og engasjement!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: