Klart for generalprøve!

Måndag 25. mars er det klart for generalprøva mot Brann!


Kjøp sesongkort her!

Sesongoppkøyringa er snart over, og seriestarten nærmar seg med stormskritt. Før me sparkar i gang OBOS-ligaen på Intility ventar generalprøva mot Brann heime på Fosshaugane Campus.

Til no i år har me spelt mot Førde, Bjarg, Real Murcia, Metalist, Aalesund, Florø, Åsane, Hødd og Raufoss. Siste prøve før serien er i gang er mot eliteserielaget Brann. Her får me ein skikkeleg test, og me er klare for å gi raudtrøyene frå Bergen kamp.

Kjøp billett til kampen her!

Sesongkorta gjeld frå og med denne kampen, så om du har sesongkort treng du ikkje enkeltbillett. Har du endå ikkje kjøpt sesongkort er det framleis mogleg å gjera det!

FORDELAR MED SESONGKORT:

  • Fast plass på alle OBOS-kampar med tilbud om fornying kvart år
  • Vår beste pris - altså totalt billigare enn å kjøpe enkeltbillettar
  • 10% i Sogndalsbui på stadion (sesongkort må visast fram ved kjøp)
  • Interessante tilbud fra våre partnarar og sponsorar
  • Forkjøpsrett til ein eventuell cupfinale
  • Generalprøva mot Brann 25. mars inkludert i sesongkortet

Kjøp sesongkort her!

Me håpar mange kjem for å støtta oss i årets siste treningskamp. No skal me få ein boost inn mot seriestart, og treng DEG på tribuna!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: