Komfortabelt vidare i cupen

Karane slo Florø 5-1

Det var aldri nokon tvil om kven som skulle ta seg vidare til 3. runde i NM under dagens oppgjer på Florø Stadion. Våre karar var best frå første sprak, og divisjonsskilnaden var tydeleg.

Etter kampen snakka Bakke litt til karane før sjølvaste Filip Mardal drog i gong med Ropet





Me snakka med Kristoffer Hoven, kaptein Kryger, Tobias Bjørnebye og Daniel Eid etter kampslutt.

Sogn Avis sendte kampen direkte (sjå den i opptak), eller les fyldig kampreferat på Firdaliven 

Me hadde spelt eit kvarter då Daniel Eid fekk slå eit flott innlegg på pannebrasken til sterke Kristoffer Hoven. Oksen frå Konnerud stanga ballen kontant i nettet.

Heimelaget svarte raskt på tiltale, då dei berre tre minutt seinare utlikna etter corner. 

Karane våre mata på vidare, og det var duka for ei typisk goalgettarskåring etter 29 minutt då Daniel Eid på ny kom seg fri og fekk senda eit hardt innlegg inn i boksen. Der venta Kristoffer nok ein gong og skåra sikkert frå kort hald.

Etter 41 minutt fekk me straffe etter hands i feltet. Hoven skåra sikkert frå elleve meter, men det var Tobias Bjørnebye nokre minutt seinare som skulle drepa kampen heilt med ei vakker skåring. Kven andre enn Daniel Eid stod for assist.

Etter 58 minutt var det Noah Solskjær som inntok servitørrolla, og han leverte ein gjennombrotspasning med krem på då han sendte Kristoffer Hoven igjennom. Hoven kunne enkelt setja inn si fjerde skåring for dagen, og resten av kampen vart ei transportetappe.

Me er med det vidare til 3. runde i NM.



Eirik Bakke var godt fornøgd med spelarane sin profesjonelle innstilling gjennom kampen, og røpa kven han ønskjer seg i 3. runde.

Les om kampen i Sogn Avis

Me stilte med dette laget frå start:
Jørgen Johnsen - Tord Salte, Axel Kryger, Adrian Solberg - Daniel Eid, Kristoffer Valsvik, Tobias Bjørnebye, Andreas Hoven - Noah Solskjær, Endre Kupen, Kristoffer Hoven

På benken hadde me Daniel Sætre, Martin Ove Roseth, Eirik Lereng, Akor, Anders Nord, Johan Bakke og Filip Mardal.

No tek karane seg ein vel fortent ferie etter ein intensiv periode med mange kampar. Når dei kjem tilbake på treningsfeltet, ventar Fosshaugane med splitter nytt kunstgras, og det gler me oss veldig til!

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: