Lagoppstillinga mot Brann!

Årets siste lagoppstilling før seriestart er klar!

Det er endeleg klart for generalprøva, og no er lagoppstillinga klar! Den siste lagoppstillinga før seriestart inneheld blant anna stopparduoen Daniel Arrocha og Emmanuel Olugbe. Per-Egil Flo i scoringsform held fram på venstrebacken i skadefråværet til Martin André Sjølstad. Lenger framme i bana er det Erik Hovden Flataker og Oliver Hintsa som skal skapa problem for Brann-forsvaret. Resten av laget ser slik ut:

Lagoppstilling Brann (11).png

På benken er det ein ung gjeng som er klare for å bidra. Viljar Stavø fekk sitt fyrste mål for A-laget mot Raufoss og kanskje får prøvespelar Ibrahim Jabir nokre minutt i løpet av kampen. Mathias Øren og Kristoffer Haukås Steinset er framleis på landslagsoppdrag og ikkje tilgjengeleg for denne kampen.

Kampen kan du sjå på Sogn Avis/Direktesport!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: