No er salet av bortebillettar til serieopninga i gang!

Kjøp bortebillett til Vålerenga - Sogndal og bli med i kampen om 3 poeng!

No er billettsalet til den fyrste bortekampen opna, og me skal til Intility for å henta heim 3 poeng!

Kjøp billett her!

Måndag 1. april klokka 17:00 sparkast OBOS-ligaen i gang. Me møter Vålerenga i Oslo, og treng skikkeleg støtte frå tribuna i kampen om poeng. Det er mange sogningar og Sogndalsupportarar i Oslo, og me treng dykk alle saman! Bli med å lag ei flott ramme rundt kampen!

På Vålerenga sine sider finn du informasjon for deg som bortesupportar. Her finn du alt du treng å vite om tilkomst til stadion, parkering, inngang og reglement.

Les informasjon for bortesupportarar her!

Er du i Sogn og vil på kamp? Bli med på bussen frå Sogndal til Oslo!

Sogndal mot Vålerenga. By mot bygd. Lat oss visa kven som er best!

Me skal til Oslo for å møte Vålerenga på Intility Arena. Vålerenga som rykka ned frå Eliteserien skal få kjenne at OBOS-ligaen ikkje er enkel. Bli med oss på tur for å henta heim 3 poeng!

Prisar:

  • Ordinær pris: 650,-
  • Barn 0-16 år: 400,-
  • Student: 500,-
  • Medlem i Saftkokaradn: 450,-
  • Medlem + student: 400,-

Ønskjer du å bli medlem i Saftkokaradn finn du informasjon på deira heimeside!

Prisen dekkjer tur-retur transport frå Sogndal Skysstasjon til Oslo. Avreise frå Sogndal er 1. april klokka 07:30. Forventa ankomst i Oslo er 14:30. Retur til Sogndal blir rett etter kampen. Det er også mogleg å bli med berre ein veg (full pris).

Bli med på denne minneverdige reisa og bidra til å skape ei fantastisk atmosfære medan me støttar laget vårt mot siger! Dei fyrste 30 påmelde er med i trekninga av kampbillett inkludert i prisen, så meld deg på no!

Meld deg på turen her!

Påmeldinga er bindande, og påmeldingsfrist er mandag 25. mars!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: