No opnar billettsalet i både Eliteserien og OBOS-ligaen!

Fredag 8. mars klokka 12:00 er billettsalet i gang - kjøp billett til generalprøva mot Brann no!

Seriestarten nærmar seg med stormskritt, og no er det ikkje lenge til me spelar mot Vålerenga på Intility. Tore André og resten av karadn jobbar endå med å førebu seg best mogleg, og på vegen mot Intility ventar generalprøva på Fosshaugadn!

Som tidlegare år er det Brann som er motstandar i generalprøva. Me skal vise at me kan hevda oss mot Eliteseriemotstand i eit skikkeleg vestlandsoppgjer. Det er mange nye fjes, og eit spennade lag som snart er klare til sesongen. Kjøp billett no, og sjå korleis me ligg an ei veke før seriestarten mot Vålerenga!

Kjøp billett til Sogndal - Brann her!

Alle som har kjøpt sesongkort har gyldig billett til generalprøva. Det er framleis mogleg å sikre seg fast plass på Fosshaugadn i år, og sesongkortet gir best verdi om du kjøper allereie no! Årets sesong byr på mange tette kampar og stor spenning i OBOS-ligaen. Me får sjå mange nye og spennande spelarar i kvit drakt, og har stor tru på at karadn skal levera god underhaldning heile sesongen igjennom!

Kjøp sesongkort her!

Til den fyrste seriekampen arrangerar me busstur til Oslo! Les meir om turen og meld deg på via saka under før måndag 25. mars! 

Sogndal mot Vålerenga. By mot bygd. Lat oss visa kven som er best!

Me skal til Oslo for å møte Vålerenga på Intility Arena. Vålerenga som rykka ned frå Eliteserien skal få kjenne at OBOS-ligaen ikkje er enkel. Bli med oss på tur for å henta heim 3 poeng!

Meld deg på tur til Oslo her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: