Påmelding til Eat Move Sleep Cup 2021

I helga 23. og 24. oktober er det full rulle i Sogndal

Tradisjonen tru, blir det Eat Move Sleep Cup i Sogndal denne hausten også. I fjor vart det ikkje grunna pandemien, men no er me i gang att.

Me inviterer alle lag (gutar og jenter) 6-12 år i Sogn og Fjordane til fotballmoro i Sogndal 23. og 24. oktober. Med bakgrunn i koronarestriksjonar, vil me i år ikkje kunne tilby overnatting.

Me skal uansett gjera Eat Move Sleep Cup Sogndal til ei flott avslutning på sesongen.

Det vil vera eit yrande liv i Sognahallen, på Fosshaugane og på Kvåle med ivrige fotballspelarar!

Gå inn på lenkja under og meld på ditt lag!

Meld på ditt lag her

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: