Per-Egil Flo signerer ei ny 1-års avtale!

Den rutinerte forsvarsspelaren blir med oss vidare i 2024!

Sogndal Fotball og Per-Egil Hough Flo (f. 18/1 1989) har signert ei ny avtale som strekkjer seg ut sesongen 2024.

Håvard Flo er nøgd med å få med Per-Egil vidare:

- Me er kjempeglad for at Per-Egil er med vidare. Han er eit viktig førebilete for resten av gruppa med sin seriøsitet og profesjonalitet. 

Per-Egil har mange sesongar i kvitedrakta og mykje erfaring frå klubbar både i Norge og utlandet. Etter 7 sesongar i Saftbygda, og som ein av dei beste venstrebackane i Eliteserien, vart han henta til Molde i 2013. I Rosenes by vart han både serie- og cupmeister før han reiste vidare ut av Norge. Sidan har han spelt i både Tjekkia og Sveits før turen gjekk heim til Sogndal i 2021.

No har han hatt tre nye sesongar på Fosshaugadn, og er klar for ein ny i 2024. 

- Eg er veldig glad for at me har fått på plass ein ny avtale. Eg har gått nokre rundar med meg sjølv etter sesongen, og funne ut at eg framleis er veldig motivert. Gleda ved å spela fotball er endå stor og eg gler meg til å koma i gang med ein ny sesong!

Håvard Flo er trygg på at Per-Egil har mykje å bidra med også i 2024:

- Per-Egil har mykje gi endå, sjølv om han begynner å bli ein vaksen kar. Han er ein viktig ressurs for temaet og gir oss meir rutine og tryggleik på bana. Me forventar mykje av Per-Egil også neste sesong.

I 2024 er det tredje sesong med Tore André som sjef på Fosshaugadn. 2023 gjekk ikkje slik me håpa, men Per-Egil har trua på 2024:

- Mange ting har vorte betre under Tore André, men me har framleis ting å ta tak i. Det flotte angrepsspelet skal me byggje vidare på og utvikle, medan me må stramme opp strukturen vår. Når me får til det blir me vanskelege å møte i 2024.

Og til dykk supportarar har Per-Egil følgjande melding:

- For oss spelarar er det alfa og omega å ha dykk på tribuna. De er viktige for at me skal klara å prestere på vårt aller beste. Eg håpar trua er der og at me sjåast igjen i 2024. No er det mykje utskiftningar, og mange spelarar som skal erstattast, men eg føler at klubben har kontroll. Eg veit at dei jobbar knallhardt for å til eit slagkraftig lag neste sesong, og me har mange lokale som er klare til å bidra!

Me gler oss til ein ny sesong med Per-Egil på Fosshaugadn!

Kjøp sesongkort 2024!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: