Rundeoppsummering Kretsligaen: Runde 2

Oppsummering av alle kampane i runde 2 av Kretsligaen

Runde 2 av Kretsligaen 2024 er ferdigspelt, og her kjem ei kort oppsummering av alle kampane:

Jølster - Sandane 2-2 (1-1)

Mål: 0-1 Magnus Klakegg 30. min, 1-1 Sigmund Høyvik 45. min, 2-1 Arild Øygard 52. min, 2-2 Ludvig Anders Gimmestad 78 min.

Gule kort: Jonas Løvland, Sandane. Kristoffer Hjelle, Sandane. Sigmund Høyvik, Jølster. Erlend Hetle, Sandane. Andreas Årseth, Jølster.

Jølster mot Sandane.jpg
Sigmund Høyvik og Jølstertrenar Leander Sunde jublar for scoring mot Sandane

Lokaloppgjeret mellom Jølster og Sandane endar 2-2. Jølster tek årets fyrste poeng, medan Sandane står med 4 poeng etter to rundar. Oppgjeret i Skei storhall vart ein spennande kamp der Jølster hadde mange sjansar til å avgjere. Sandane klarte å komme tilbake til 2-2, og får med seg 1 poeng heim.

Fjøra - Måløy 2-1 (1-0)

Mål: 1-0 Malvin Gjerde 22. min, 2-0 Isak Hauge Sørensen 47. min, 2-1 Sondre Apneseth 90. min.

Gule kort: Stian Oppedal Heggelund, Måløy. Kristian Solvang, Måløy.

Favoritten Fjøra vinn også sin andre kamp for sesongen. Måløy gjorde det spennande på slutten av kampen, men dei tre poenga blir igjen i Sogndal. Malvin Gjerde står med 3 scoringar etter to rundar og er delt toppscorar i Kretsligaen.

IMG_7735.JPG
Malvin Gjerde for Fjøra mot Måløy

Vik - Dale 2-4 (1-3)

Mål: 0-1 Eirik Tonning Hatløy 13. min, 0-2 Sander Kapstad 17. min, 1-2 Eirik Følid Berglund 20. min, 1-3 Anders Furset 21. min, 1-4 Brage Loftheim 51. min, 2-4 Martin Stadheim 88. min.

Gule kort: Martin Stadheim, Vik. Tor Helge Skjerven, Vik.

Dale held fram den sterke seriestarten, og scorar 4 mål i andre kamp på rad. Vik scorar to, men Dale vart for sterke på kunstgraset i Vik. Dale toppar no tabellen med 6 poeng, og Vik står med 1 poeng på dei fyrste to kampane.

Eid - Høyang 5-0 (1-0)

Mål: 1-0 Henrik Vingen Vedeld 25. min, 2-0 Joakim Frislid Vedvik 48 min, 3-0 Sindre Årskog 77. min, 4-0 Joakim Frislid Vedvik 90. min, 5-0 Sindre Årskog 90. min.

Gule kort: Marius Endestad Henriksen, Eid. Kristian Årskog, Eid. Ove Andre Balsnes, Eid.

Etter tapet for Fjøra i førre serierunde var det ingen tvil for Eid i denne kampen. Til pause stod det 1-0, men i andreomgang løysna det framfor mål og heimelaget auka til 5-0 før dommaren blas av kampen. Begge lag står då med 3 poeng etter dei to fyrste serierundane.

Eid mot Høyang.jpg
Eid jublar for scoring mot Høyang

Førde 2 - Stryn 5-2 (2-1)

Mål: 0-1 Vegard Sæten Hopland 12. min, 1-1 Vegard Lorgen 20. min, 2-1 Elias Sande-Neset 45. min (str.), 3-1 Elias Sande-Neset 56. min, 4-1 Øystein Riksheim Østvik 80. min, 4-2 Vegard Sæten Hopland 85. min, 5-2 Arwin Sande-Neset 88. min.

Gule kort: Mohammad Ali, Stryn. Christian Svoren Strand, Stryn. Sigve Heggdal Aabrekk, Stryn. Tobias Holme, Førde 2. 

Etter tapet for Sandane i fyrste runde kom årets fyrste siger for Førde 2. Vegard Sæten Hopland ga Stryn ein god start på kampen, men Førde 2 kom tilbake og scora 5 mål. Elias Sande-Neset står som delt toppscorar i Kretsligaen etter to scoringar i denne kampen.

Studentspretten - Sogndal 2 0-4 (0-1)

Mål: 0-1 Viljar Stavø 11. min, 0-2 Viljar Stavø 76. min, 0-3 Viljar Stavø 83. min, Elling Ingeson Kvåle 90. min.

Gule kort: Mathias Øren, Sogndal 2.

Sogndal 2 slår tilbake etter tapet for Høyang i runde 1. Viljar Stavø scorar hattrick, og bidreg sterkt til årets fyrste 3 poengar. Studentspretten stod bra i mot angrepa frå Sogndal 2 i fyrsteomgang, men i andreomgang løysna det for bortelaget.

IMG_7943 a.JPG
Viljar Stavø scora hattrick mot Studentspretten!

Runde 2 er ferdigspelt, og me ser no fram mot den neste runden av Kretsligaen. Kampane spelast laurdag 27. og søndag 28. april. Dette er kampane å sjå fram til:

  • Dale - Fjøra, laurdag kl. 14:00
  • Stryn - Jølster, laurdag kl. 14.00
  • Høyang - Studentspretten, laurdag kl. 14:00
  • Sandane - Vik, laurdag kl. 14:00
  • Måløy - Eid, laurdag kl. 15:00
  • Sogndal 2 - Førde 2, søndag kl. 20:00

STAO NO PAO!

 

Annonse fra Obos-ligaen: