Storm Berg (15) er i praksis hjå Sogndal Fotball

Denne veka har me besøk av Storm Berg som er i praksis hjå oss

Som klubb er me glade for at unge elevar og studentar ønkskjer å komme til oss når dei har praksis og utplassering. Denne veka har me besøk av Storm Berg frå Lillehammer. Han er hjå oss frå måndag til onsdag denne veka og bidreg med ulike oppgåver i klubben.

Kan du fortelje oss litt om deg sjølv?

- Eg heiter Storm, er 15 år og kjem frå Lillehammer. På fritida likar eg å spele fotball og å vera med vener.

Kvifor ville du ha praksisen din i Sogndal Fotball?

- Eg har lyst å spele fotball her i framtida. Pappa er Sogndalssupportar, så då blei eg det også. Eg har vore på kampar i Sogndal tidlegare, og denne sesongen var eg på bortefeltet under Vålerenga - Sogndal.

Kva oppgåver har du fått i klubben?

- Eg har fått prøve litt ulike ting. Det er i hovudsak i utviklingsavdelinga eg skal jobba. Eg skal vera med som assistentrenar for Sogndal NG14, og får vera med på blant anna planlegging av treningar.

Storm spelar også fotball sjølv, og skal trena med Sogndal NG15 dei dagane han er hjå oss. Han fortel at han spelar venstrekant for Faaberg Fotball, og at han kunne tenke seg å spele fotball for Sogndal ein dag. Når han er ferdig på ungdomsskulen vil han til Sogndal for å gå på idrettslinja på Sogndal VGS.

Me er glad for å ha Storm på besøk og gler oss til å sjå han igjen om han flyttar til Sogndal for å studere!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: