Tap mot Hødd

Me har framleis eit stykke igjen før OBOS-ligaen er i gang

Det vart ein frustrerande kamp på Høddvoll i dag, og det enda med 2-0 til heimelaget. Me kom aldri opp på nivået me skal vera på, og tapte fortent.

Det var heimelaget som kom best i gang med kampen, og Hødd hadde mykje ball i den fyrste omgangen. Nokre sjansar begge vegar utan utteljing stod seg fram til det 38. minutt. Hødd sin Isak Skotheim satte inn leiarmålet etter eit dribleraid i boksen.

Etter pause var det noko betring å sjå for bortelaget, men det var Hødd som skulle stikke av med sigeren. Fyrst etter 85 minutt spelt satte Alfred Scriven inn 2-0, og kampen var avgjort.

Eit skuffande resultat, og ein prestasjon som ikkje var god nok. No gjeld det å sjå på korleis ein skal bli betre fram mot seriestarten. Tore André og teamet byrja jobben allereie på bussen heim til Sogndal, og på mandag ventar ei ny treningsveke.

Den neste treningskampen er mot Raufoss. Kampen spelast laurdag 16. mars klokka 14:00 på Fagernes.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: