Treningskamp: Hødd - Sogndal

Me er klare for treningskamp på Høddvoll!

  • Hødd - Sogndal
  • Laurdag 9. mars klokka 14:00
  • Høddvoll Stadion

Den neste treningskampen går på bortebane mot Hødd laurdag 9. mars klokka 14:00. Karadn er klare for å testa seg mot Marius Bøe sine gutar, og me får ein ny indikasjon på kor me står med under ein månad til seriestart.

Sist me spelte på Høddvoll var i fjor haust, og kampen enda med 2-2 og poengdeling. Joakim Nundal og Martin Sjølstad sikra oss to mål, og dei kan du sjå i videoen med høgdepunkta under:


Om du er i området håpar me at du tek turen til Høddvoll. Det er alltid kjekt å ha støtte frå tribuna når me er ute på tur!

Før kampen har Terje Teigen fått ein prat med Oliver Hintsa og Tore André Flo:



Billett til kampen kan du kjøpa her!

Kampen blir sendt av Vikebladet, og ein treng eit abonnement for å få tilgang. Me oppdaterar frå kampen undervegs på sosiale medium og i etterkant her på heimesida!

Klikk her for å gå til Vikebladet!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: