Uavgjort i treningskampen mot Åsane

Det enda med 0-0 i ein sjansefattig kamp på Fosshaugadn i dag

Treningskampen mot Åsane hadde ingen mål å by på, og det enda med 0-0 på Fosshaugadn i dag. 

Begge lag hadde god kontroll i omtrent heile kampen, og det var ikkje mykje jobb for keeperane. Lange periodar med trilling av ball og flytting frå side til side prega den fyrste omgangen. Etter pause var Erik Flataker nær scoring ved eit par høve, og Lars Jendal leverte nokre gode redningar. 

Ein positiv ting å ta med seg er at Oliver Hintsa endeleg var tilbake frå skade og spelte dei siste minuttane av kampen. Vår svenske spiss har hatt ein strekk i leggen, men er no skadefri og klar for spel.

Neste treningskamp er borte mot Hødd fyrstkommande laurdag. Kampen spelast 9. mars klokka 14:00 på Høddvoll Stadion. Ta gjerne turen på kamp om du er i nærleiken!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: