Valsvik seld til Start

Sogndal Fotball og IK Start er samde om ein overgang for midtbanespelar Kristoffer Valsvik.

Kristoffer vart henta til klubben fra Åsane tidligare i vinter og me såg alle fram til nokre gode år i lag, men diverre skulle det ikkje bli slik. Kristoffer spelte elleve kampar i kvitetrøya.

Etter samtalar med Kristoffer og teamet hans har me i fellesskap beslutta å gjennomføra ein overgang til Start.

Sogndal Fotball ønskjer Kristoffer lykke til vidare.

Annonse fra Obos-ligaen: