Velkommen til Skraol Pub!

Sogndal Fotball åpnar ny pub og møteplass i.s.m med heimekampane i sesongen 2024!

Sogndal Fotball har gleda av å invitere til opning av Skraol Pub, den nye møteplassen i samband med heimekampane på Fosshaugane Campus!

Skraol Pub er ein pub og møteplass på Fosshaugane Campus. Du finn den i 2. etasje i Sognekraft-tribuna, og den vil vera open for alle med billett til den aktuelle kampen. Puben vil vera open 2 timar før kampstart og 1 time etter kampslutt i alle heimekampane i 2024!

Skjermbilde 2024-03-21 kl. 09.44.07.png

I Skraol Pub tilbyr me:

  • Sal av øl og vin
  • Pølse m/brød, snacks, kaffi og Lerum Sprudlande
  • Besøk av gjester (trenarar, profilar, sponsorar etc.)
  • Konkurransar
  • Info frå klubb
  • Ein møteplass før og etter kamp

Den offisielle opninga av puben vil vera i samband med generalprøva mot Brann måndag 25. mars. Dørene opnar klokka 14:00, og kampstart er klokka 16:00. Ta med deg ein kollega, venn, familiemedlem eller nabo og bli med på opninga! Det gjenstår endå litt arbeid før opning, men nederst i saka kan ein sjå korleis lokalet ser ut!

Kjøp billett til Sogndal - Brann!

Kjøp sesongkort!

STAO NO PAO!

 

Annonse fra Obos-ligaen: