Viljar Stavø scora hattrick mot Studentspretten!

Viljar Stavø scora hattrick og sikra 3 poeng!

Sogndal 2 sin fyrste siger er i boks etter hattrick frå Viljar Stavø

Etter tap i fyrste runde var det ein viktig kamp mot Studentspretten for Sogndal 2. Denne gongen var det ingen tvil, og årets fyrste siger er i boks. Viljar Stavø scora hattrick, og Elling Ingeson Kvåle fastsatte resultatet til 0-4!

I den fyrste omgangen var det Sogndal 2 som var det førande laget. Det tok berre 11 minutt før den fyrste ballen låg i nettet. Kristoffer Haukås Steinset spelte fri Sander Sjøthun Heggestad på venstresida. Innlegget frå venstrebacken nådde Viljar Stavø som på akrobatisk vis satte ballen i mål. 0-1 og ein flott start på kampen.


Studentspretten stod bra i mot, og det kom ingen fleire mål før pause. I andreomgang fortsatte sjanseskapinga frå bortelaget, men mål nummer 2 kom ikkje før i det 76. minutt. Mathias Krogh Ravnestad og Havila Bonabandi kombinerte før ballen blei spelt ut til Johannes Konstali-Lødemel på høgresida. Innlegget blei forlenga frå Andreas Haugen Duesund før ballen nådde Viljar Stavø. Framfor mål er han sikker, og satte enkelt inn 0-2.


Innbyttar Mathias Krogh Ravnestad var raskt frampå igjen berre nokre minutt seinare. Etter 83. minutt spelt sendte han avgarde eit skot frå utsida av 16-meteren. Keeper måtte gi retur, og målsniken Viljar Stavø var på rett plass igjen. Hattrick og rett til topps på toppscorarlista i Kretsligaen saman med Malvin Gjerde (Fjøra) og Elias Sande-Neset (Førde 2).


Sogndal 2 var ikkje ferdige på 0-3, og i det 90. minutt kom kampens siste scoring. Innlegget frå Ola Lerheim Olsen vart stanga ut i feltet. Der venta Elling Ingeson Kvåle og banka ballen i mål. Dermed stod det 0-4, og 3 viktige poeng var sikra.


Neste kamp for Sogndal 2 er heime mot Førde 2 på Fosshaugane Campus. Kampen spelast søndag 28. april klokka 20:00. 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: