Sogndal United

Fotball for alle!

Sogndal United er eit tilrettelagt fotballtilbod for spelarar med uviklingshemming. Me ynskjer at spelarane skal få oppleve meistring og ha det moro på bana. Me samarbeidar med Sogn og Fjordane fotballkrets om å få auka fotballaktiviteten rundt om i fylket.

Sogndal United inviterar til samlingar 2-4 gangar i året der det deltek spelarar frå heile Sogn og Fjordane. Me har fotballtrening, spelar kampar og arrangerer miniturnering. Sosialt fellesskap er og viktig del så kvar samling vert avslutta med eit fellessmåltid og god tid til prat. 

Hausten 2015 deltok me med eit fylkeslag på Landsturneringen på Lillehammer. Dette er noko vi ynskjer å få til fleire gangar.

Alle som har lyst til å spele fotball er velkommen til å være med. Ein må ikkje ha spelt fotball tidlegare. Dersom ein spelar er under 16 år kan ein kontakte leiar Iren Nordheim, 90892834/jinordh@online.no for meir info.

Fotball for alle

 

Annonse fra Obos-ligaen: