20 år på vegen saman!

Gasta og Sogndal Fotball har blitt einige om ein ny samarbeidsavtale for 2026-sesongen.

Dette markerer samstundes me eit heilt spesielt jubileum – Gasta har vore ein del av laget i heile 20 år.

Det er ikkje kvar dag ein får feira eit så langt og tru samarbeid. Gjennom tjukt og tynt har Gasta stilt opp for klubben, noko me set stor pris på.

For oss handlar dette om meir enn ein samarbeidsavtale – det handlar om tillit, engasjement og ekte klubbkjensle over tid.

Me er stolte av å ha Gasta med vidare på laget og gler oss til å utvikla samarbeidet vidare i åra som kjem.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: