Aalesund - Sogndal

Color Line Stadion kl 19.00

Då er me klare til seriestart, og karane ladar no opp på hotellet her i Ålebyen. 

Her på Møre er det overskya og knappe fire grader i lufta. Temperaturen skal synka litt utover kvelden, men me satsar på at det ikkje blir blå farge. Det er lurt å kle seg godt om ein skal på kamp.

I fjor slo me AaFK i begge oppgjera med 1-0 både heime på Fosshaugane og her oppe. Gutane skal gjera alt for å oppretthalda den flotte statistikken.

Er du i Ålesund og skal på kamp, kjøper du billetten din her.

Karane reiste oppover i går, og utpå kvelden fekk dei besøk på hotellet av AaFK-keeper Tarjei Omenås, som nytta høve til å helse på sine gamle kompisar. Eirik Bakke har med seg denne troppen til kampen:

Mathias Lønne Dyngeland, Kjetil Haug, Per Magnus Steiring, Akeem Latifu, Even Hovland, Ulrik Fredriksen, Tomas Totland, Lars Christian Kjemhus, Reiss Greenidge, Eirik Birkelund, Joachim Soltvedt, Eirik Schulze, Didé Fofana, Sixten Jensen, Stanisa Mandic, Ulrik Flo, Markus Brændsrød, Sigurd Haugen

Me gler oss til kamp!

Annonse fra Obos-ligaen: