Akademidag med Førde: Sjå bileta

Medan skulane hadde planleggingsdag, fekk borna frå Sogndal og Førde ein dag fylt med fotball.

Spelarar frå årskulla 2014–2018 møttest nyleg i Sognahallen til ein dag med kampar mellom akademia i dei to klubbane. Sogndal stilte med sju lag, medan seks lag tok turen frå Førde.

Dagen starta med niarfotball for dei eldste spelarane. To lag frå Sogndal og tre frå Førde spelte fire kampar kvar, før turneringa heldt fram med sjuarfotball.

Akademiansvarleg Adrian Gjengår er nøgd med dagen.

– Det var kjekt å sjå så mykje glede og aktivitet blant borna. Det var ei fin avslutning på fotballsesongen, og eit høgdepunkt for dei som deltek på haustakademiet, seier Gjengår.

Me takkar Førde for besøket, og alle spelarar og trenarar for ein flott fotballdag!

Sjå bilete frå dagen her:

Annonse fra Obos-ligaen: