
Alle gode ting er tre, JOBBA JOBBA JOBBA
3 mål, 3 forsøk og 3 poeng!
Vi får ein god start på haustsesongen borte mot Sandnes Ulf. Gjensyn med klubben og Martin Ramsland vart ein spennande kamp, der begge lag hadde fleire store sjansar
Før kamp kunne Bjarne Berntsen melda på Sandnes Ulf si nettside at Markus Aanesland er den einaste ute med skade for dei lyseblå. Siste kamp før ferien var dei i knall form, då slo dei Ranheim 5-0 på heimebane.
Me fekk ein kjekk nyheit då startellevaren til Sogndal Fotball kom tidligera i dag, 17 åringen Kristoffer Steinset er med frå start. Steinset spelte ein god kamp, og me skal ikkje sjå vekk i frå at Flo tenkjer det same om den unge spelaren. "Det var ein utroleg god kjensle å få min første start i år, då eg sjølv føler at eg har hatt ein litt treg start på sesongen i år. Endå betre kjensle då det enda med siger i tillegg!" seier Kristoffer Steinset etter kampen.
Florøværingen fekk 70 minutt, og vart bytt ut med Grønner som stod for målet som sikra oss 3 poeng.

Kampbilete som vart teikna utover kampen viste to jamspelte lag med fleire gode sjansar, men ingen gjekk forbi verken Fij eller Falch. Det skulle derimot losna for begge lag etter 1 times spel då Andreas Hoven stangar inn ei lekker skåring etter ein servering frå Jonsson. Det tek ikkje meir enn 5 minutt for dei lyseblå å svara, då med Kristoffer Hay frå venstre stolpe.
Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger
Vidare legg me oss i press for å jakta ein sjanse for å ta med alle poenga heim til Saftbygda, og som ordtaket seie – Alle gode ting er 3! Det blir frispark etter 79 minutt spelte i god posisjon framfor 15 meter streken. Frisparket går i muren ikkje ein gong, men to gonger før han finn Grønner som bankar han inn i mål.
Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger
"Herleg siger i jamnspelt kamp! Laga byta på å ha initiativet i kampen og det skjedde relativt lite framfor måla. Ekstremt godt fornøgde med at me klarer og vinne kampen når dei kjem tilbake og utliknar til 1-1. Herleg laginnsats der alle gir alt. Har vore kampar der me har sett betre ut spelemessig, men Sandnes er ein tøff bortebane og komma på. Glad og fornøgd gjeng som no sitja klar til take off frå Stavanger! Gledar oss til KBK på onsdag!" - Rune Bolseth

Med 3 poeng i sekken beheld me 3.plassen på tabellen, 2 poeng under Fredrikstad som leiar.
Me kunne sjå frå tv skjermen at det var rundt 17 Sogndal supporterar på bortefeltet, me takkar for støtta! Bli med på kamp du òg, me speler heime på Fosshaugane mot Kristiansund kommande onsdag kl.18.00
Stao no pao!