Alt du trenger å vite om jubileumskampen

Sogndal IL feirar 100 år og 50 år samanhengande i norsk toppfotball. Dette vil me feire saman med dykk på søndag!

  • Billettprisar: 50 kroner for barn, og 100 kroner for vaksne.
  • Studentar kjem gratis inn på Lerum-tribuna med promokoden "Kokarstudent".
  • Billettar finn du her

I 100 år har Sogndal IL samla menneske på og utanfor bana. No håpar me at både trufaste supportarar og nye tilskodarar vil vere med på jubileumsfeiringa.

Me møter Kongsvinger – som faktisk er det laget me har spelt nest flest kampar mot gjennom historia (47) saman med Brann og Bryne. Jotun leiar den statistikken.

Ta med familie, vener eller lagkameratar, og set av god tid. Denne søndagen skjer det mykje meir enn sjølve seriekampen!

Fanzone med grilling og aktivitetar

Damelaget spelar kamp kl. 13.00 mot Fana.

Frå klokka 15.00 opnar fanzonen med fleire aktivitetar frå partnarane våre og ein sosial møteplass for alle som vil vere ein del av feiringa.

Det vert fotballdart, konkurransar og flotte premiar. MENY fyrer opp grillen, så det vert også mogleg å få seg noko godt å ete.

Avery Dennison kjem med trykkpressa, slik at du kan få trykt legendetrykk på ryggen av jubileumsdrakta!

Legendene er tilbake

Klokka 15.30 ventar eit av høgdepunkta denne dagen. Tidlegare Sogndal-spelarar kjem tilbake på bana for å møte sponsorane våre til showkamp!

Det vert eit gjensyn med spelarar som har vore med på å forme historia til klubben. No får dei igjen sjansen til å vise fram gamle fotballkunstar på Fosshaugane.

Har legendene framleis pasningsfoten og avslutningane inne, eller kan sponsorane overraske?

Pausekonkurranse

Klokka 17.00 møter Sogndal opprykksjagande Kongsvinger i ein ny viktig kamp i OBOS-ligaen.

Etter den etterlengta sigeren mot Raufoss onsdag håpar me å byggje vidare på både prestasjonen og stemninga frå tribunen.

Før kampstart sparkar spelarane Lerum-ballar ut på tribunen. Dei som får tak i ein ball, vert inviterte til å delta i pausekonkurransen, der det ventar flotte premiar.

Me håpar å samle så mange som mogleg på Fosshaugane denne søndagen!

Program søndag 25. oktober

  • Kl. 15.00: Fanzone med grilling og aktivitetar for store og små.
  • Kl. 15.30: Legendekamp – tidlegare Sogndal-spelarar møter sponsorane våre.
  • Kl. 17.00: Jubileumskamp – Sogndal mot Kongsvinger. Lerum-ballar vert sparka ut på tribunen før kampstart.
  • I pausa: Lerums pausekonkurranse med flotte premiar.

Billettar

  • Vaksne: 100 kroner
  • Barn: 50 kroner
  • Studentar: Gratis inngang på Saftkokarfeltet (Lerum-tribuna) med promokoden «kokarstudent».
  • Billettar finn du her

Hundre år med historie, og 50 år samanhengande i norsk toppfotball. Velkommen til jubileumskamp på Fosshaugane!

Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: