Andre generasjon Fotball-Grodås
Bli litt betre kjend med Victor Grodås Spelarportrett
Victor starta fotballkarriera i Lillestrøm som junior. Han signerte for Hødd og spelte der i fire år. Deretter meldte han overgang til Sogndal i 2015. Sesongen 2016 var han på utlån til Kristiansund.

Kva er ditt beste minne i fotballdrakta?
I Sogndalsdrakta var det heilt klart opprykket til Tippeligaen i 2015. Det var kult. For meg personleg var det nok når me vann cupen i 2012.
Eliteserien Fantasy? Korleis går det?
Ja, nei, det har ikkje gått så bra. Eg sit att med mange ubesvarte spørsmål..men får sjå om eg kjem sterkare attende utover hausten. Kan vell sei at det har gått sånn nokonlunde, men eg må nok skjerpa meg litt, seier Grodås
Eliteserien Fantasy går ut på at du vel spelarar frå Eliteserien ut i frå kor mange poeng du trur dei vil ta. Maks tre stykker frå kvart lag. Du vel kven du trur kjem til å score, assistere, null og slikt.
Du kan lese meir om "Eliteserien Fantasy" her:
Kva driv du med utanom fotballen?
Nei, det er ikkje så mykje utanom. No er eg skada, så då er eg på Campus frå 9-16 kvar dag. Håpar å vere tilbake om nokre veker. Så det er nok berre det dagane går i. Gjera alt rettast mogleg for å koma tilbake kjapt.
Kan du sei noko om formasjonsendringa i vår?
Me starta med å spela vanleg 4-4-2. I fjor var laget solid i den formasjonen. Så har det vore mykje skadar og uforutsette ting som har hendt. Så prøvde me oss på 3-4-3 mot Lillestrøm. Sidan har det også kome inn to nye, rutinerte på laget. Eg syns me har klart oss betre og betre. Trur det kan passa oss bra. Eg syns det er spennande og har stor tru på det me gjer no.
Kva gjer du på kampdag for å førebu deg?
Viss kampen byrjar kl. 18 så startar eg dagen med å stå opp kl,. 9. Frukost kl. 9 og rikeleg med drikke i løpet av dagen. Måltid att tre timar etterpå og matchmat kl. 15. Elles så går eg ofte ein tur og slappar av. Eg førebur meg mentalt på kampen, men har elles ingen spesielle ritual i høve kampdag.
.jpg)
Far din var jo fotballspelar. Har det påverka deg?
Far var jo keeper, og det er noko heilt anna. Det minnar eg han ofte på. Likevel er det klart at han det har påverka meg at han var fotballspelar. Far har vore veldig viktig brikke i fotballkarriera mi, eg spør han mykje. Mykje fotball i barndommen. Eg trur ikkje eg hadde vorte noko fotballspelar viss eg ikkje hadde hatt den indre «driven» i meg. Ein må brenna for det sjølv, for å ville leggja ned så mykje trening og innsats.
Om det vert «Mesterens mester» deltaking for Grodås jr. er tvilsamt. - I frykt for å øydleggje far sitt rykte så trur eg at eg held meg unna akkurat det, avsluttar Victor.
Victor Eriksson Grodås
-
Alder: 25
-
Vaks opp i: Lillestrøm
-
Posisjon: Forsvar
-
Kampar for Sogndal: 29
-
Draktnummer: 5