Før avspark

Sogndal - Levanger, Fosshaugane Campus, søndag kl.18:00

Me gjer oss klar til den 18. serierunden av OBOS-ligaen 2018, og motstandar denne runden er Levanger.

Sist me møtte Levanger (3.juni) vann me 2-1 borte på Tobb Arena. Det såg mørkt ut lenge, men seine scoringar av Eirik Wilberg Schulze og Sigurd Hauso Haugen gjorde at me kunne ta med oss 3 poeng heim igjen til Sogndal.

Kampen
Levanger står utan siger sidan bortemøtet mot Florø i slutten av mai, laget frå Trøndelag ligg heilt sist på tabellen med 12 poeng. Me ligg i andre enden av tabellen på ein tredjeplass med 33 poeng. Sjølv om poengskilnaden mellom laga er stor, må me vera på tå hev for å ta alle poenga.

- Me forventar som vanleg ein tøff kamp, slik alle kampar i OBOS ligaen er, fortel kaptein Mathias Dyngeland.

Kaptein Mathias Dyngeland før kampen:

Godta informasjonskapslar for å sjå video

- Me er nøydd til å vere påskrudd frå første spark, og jobbe knallhardt for å ta tre poeng. Defensivt var det bra mot Jerv sist kamp, offensivt hadde me litt å gå på. Me jobbar kvar dag for å forbetre alle fasar av spelet vårt, seier Mathias som skal gjere alt for å halda nullen søndag.

Elles er Kjetil Wæhler tilbake frå karantene og skjerpar konkurransen på stopparplass. Kamptroppen ellers blir tilnærma lik slik den har vore dei siste kampane.

Runden
Me står foran runde 18, som har desse kampane:

Mjøndalen- Strømmen
Sogndal - Levanger
Jerv - Hamkam
Ullensaker/Kisa - Florø
Viking – Nest Sotra
Tromsdalen - Notodden
Aalesund - Åsane

Tysdag:
Kongsvinger – Sandnes Ulf

Dei fleste kampane startar klokka 18:00, bortsett frå Mjøndalen – Strømmen som går kl.15.00.

(Kongsvinger – Sandnes Ulf på tysdag startar 19:00), og for alt av statistikk rundt OBOS-ligaen, kan du klikka her.

Sigurd Haugen før kampen:

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Per Magnus Steiring før kampen:

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Er du ikkje i Fosshaugane søndag, kan du følgja kvart spark på Firdaliven!

Vérmeldinga
Yr melder opphald sundag, me får overskya og 15 grader.

Me håpar du tek turen til Fosshaugane Campus og støttar laget fram til siger.

Me kjem med dagens kamptropp klokka 16.00 og dagens lagoppstilling ca. klokka 17.00. 

Me håpar at det blir bra trøkk på og utanfor bana i dag, me gler oss til fotballfesten!

Sogndal - Levanger
Fosshaugane Campus
Søndag 5/8 klokka 18.00

Stao no pao!!

Slik er tabellen før denne runden.

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 29 21 2 6 84 48 36 65 U V T V V
2 Strømsgodset Strømsgodset 29 19 6 4 79 34 45 63 V V V T V
3 Kongsvinger Kongsvinger 29 18 5 6 83 47 36 59 V T V T T
4 Stabæk Stabæk 29 18 4 7 68 35 33 58 U V V V V
5 Odd Odd 29 13 7 9 57 46 11 46 V V T T U
6 Bryne Bryne 29 13 4 12 43 41 2 43 T U T U V
7 Ranheim TF Ranheim TF 29 12 5 12 73 69 4 41 T U V V V
8 Egersund Egersund 29 10 8 11 48 57 -9 38 V U U U V
9 Hødd Hødd 29 11 5 13 49 59 -10 38 T U V T T
10 Strømmen Strømmen 29 10 6 13 50 62 -12 36
11 Lyn Lyn 29 10 4 15 46 59 -13 34 T T V T V
12 Sogndal Sogndal 29 8 6 15 48 63 -15 30 T U V V T
13 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 29 8 6 15 42 58 -16 30 U T T V U
14 Moss Moss 29 8 5 16 41 62 -21 29 V U T T T
15 Åsane Åsane 29 7 5 17 41 65 -24 25 V T T V T
16 Raufoss Raufoss 29 6 2 21 31 78 -47 20 U T T T T

Annonse fra Obos-ligaen: