Bærum eller Lillestrøm i neste cuprunde

Torsdag kveld vart 3. runde i NM for menn trekt.

Sogndal møter vinnaren av oppgjeret mellom Bærum og Lillestrøm i 3. runde i NM. Bærum og Lillestrøm møtast 1. oktober.

Neste cuprunde er sett opp onsdag 28. oktober, og me spelar uansett på bortebane.

Frå og med 3. ordinære runde blir kampane fastsette ved trekning. Dersom klubbane som blir trekte mot kvarandre kjem frå ulikt divisjonsnivå, skal klubben frå det lågaste nivået spele på heimebane. Nytt av året er at dette ikkje gjeld når lag frå Eliteserien og OBOS-ligaen møter kvarandre. Då får laget som blir trekt først opp av bollen heimekamp.

Desse kampane vart trekte i 3. runde:

  • Rosenborg - HamKam
  • Pors - Kongsvinger
  • Tromsø - Haugesund
  • Molde - Strømsgodset
  • Sandnes Ulf - Rana/Bodø/Glimt
  • Bærum/Lillestrøm - Sogndal
  • Follo/Sarpsborg 08 - Vålerenga
  • Ranheim - Fredrikstad
  • Madla/Viking - Hønefoss/KFUM
  • Odd - Flint/Sandefjord
  • Åsane - Hødd
  • Raufoss - Start
  • Grorud/Moss - Brann
  • Egersund - Bryne
  • Kristiansund - Aalesund
  • Tromsdalen - Lyn

No ventar me spent på utfallet av oppgjeret mellom Bærum og Lillestrøm før den endelege motstandaren blir klar. Cupen lever vidare, og me ser fram til nok ein kveld med utslagsfotball. 

Annonse fra Obos-ligaen: