Bekrefta brot i leggen
Ole Amund Sveen brekte begge beina i leggen i går før 1-0 målet.
Ole Amund Sveen brekte begge beina i venstre legg i kampen mot Stabæk 5. april. Han vart operert ved Førde Sjukehus natt til 6.april.
- Ole Amund er i god form etter operasjonen. Truleg mistar han resten av sesongen, fortel klubblege Anders Rosø.
Skikkeleg slag i trynet
Eirik Bakke synes skaden som kom i går var svært uheldig.
- Dette var utruleg kjedeleg, spesielt for Ole Amund sjølv. For oss er dette eit skikkeleg slag i trynet. Ole Amund har vore ei viktig i brikke i måten me spelar fotball på, fortel Bakke.
Men Bakke er ikkje uroleg for Sveens framtid
- Sjølv om det er ein alvorleg skade så håper me at han kjem raskt tilbake. Ole Amund er ein fighter og det vil vere eit godt opplegg rundt han no, seier Bakke.
- Det som er skjedd er skjedd. Han er operert, og no er det berre å sjå framover. Eg har sjølv våre ute med større skader, og veit at det er hardt arbeid, seier Bakke.
Bakke ynskjer at fleire melder seg på
- Det er store sko å fylle, men dette gjev nye moglegheiter for dei andre ung gutane til å ta plassen hans, avsluttar Bakke.
Me ynskjer Ole Amund god bedring