
Billettinformasjon: Sogndal - Kristiansund
Her kjem billettinformasjon før kampen mot Kristiansund! A-laget
Onsdag kjem Kristiansund på besøk til Fosshaugadn, og den utsatte kampen skal endeleg spelast. Kampen skulle opprinneleg blitt spelt 9. august, men vart utsett grunna uværet som førte til farleg reiseveg.
Om du kjøpte billett til kampen i august kan du no bruke den same billetten til onsdagens kamp. Det vil seie at du ikkje treng å løyse ny billett, og at den du allereie har kjøpt framleis er gyldig. Leit fram gyldig bevis og kom på kamp! Har du ikkje moglegheit til å nytte billetten kan du få denne refundert.
Om du ikkje har billett til kampen kan du kjøpe det her!
Det blir ein viktig kamp på onsdag der kvart einaste poeng kan bli heilt avgjerande på slutten av sesongen. Etter sigeren mot Jerv klatra me forbi nettopp Kristiansund på tabellen, og tek me oss ei god kjensle inn til neste kamp. Me treng deg på tribuna! Kom på kamp!
STAO NO PAO!