Bittert tap på overtid!

Aalesund tek med seg alle poenga etter ei sein scoring


Det vart utan tvil ein fartsfylt og innhaldsrik på Fosshaugadn i dag. Før dommaren blas for siste gong kom det 7 scoringar, og diverre var det Aalesund som stakk av med sigeren langt på overtid.

Det var bortelaget som skulle få det fyrste målet, men det var diverre ein Sogndalspelar som var sist på ballen. Diogo Bras heada ballen i eige mål, og Aalesund tok leiinga. Heldigvis hadde Martin Høyland lada skotfoten, og etter 35 minutt spelt banka han inn utlikninga frå distanse! Ei fortent scoring etter nokre gode minutt. Og karadn var ikkje ferdige. Berre 4 minutt etter vart Erik Flataker spelt åleine igjennom. Han gjorde ingen feil, runda keeper og satte inn leiarmålet! Det stod 2-1 til pause. 

Også etter pause var det Aalesund som byrja best. Når det var spelt 52 minutt fekk dei straffe, og det stod 2-2. Bortelaget scora også det neste, og tok leiinga etter 72 minutt spelt. Eit innlegg frå venstre vart ikkje klarert, og ballen enda i beina på ein Aalesundspelar som fekk ein enkel jobb med å sette ballen i mål.

På overtid smalt det skikkeleg. Vegard Hagen utlikna til 3-3 etter ein corner, og når alle trudde årets fyrste poeng var i boks, kom det ein ny kalddusj i motsett ende av bana. 4 minutt på overtid kom dagens siste scoring, og me står igjen utan poeng i dag også.

Tusen takk for støtta! Det var kjekt å endeleg vere tilbake på Fosshaugadn, sjølv om det vart eit bittert tap heilt på slutten! No er neste kamp på bortebane mot Volda i cupen. Kampen spelast laurdag 12. april kl. 16:00!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: