Bjarg neste: Gratis inngang med drakt eller skjerf

Bjarg slo ut Kjelsås i dag og vert motstandaren vår i kvalifiseringa om plassen i OBOS-ligaen. No skal me fylle Fosshaugane i kvitt og sort!

Første kamp er på Fosshaugane Campus søndag 22. november kl. 13.00. Dei siste heimekampane har hatt fantastisk oppmøte og stemning. No treng me dykk ein gong til!

Returkampen vert spela på Stavollen i Bergen laurdag 28. november kl. 13.00. Etter dei to kampane er det avgjort om me spelar i OBOS-ligaen i 2027.

Kampdag: Dette må du vite

BILLETTAR

Gratis inngang med Sogndal-drakt eller -skjerf. Du får billett ved inngangsporten.

Vanlege billettar kostar 100 kroner for vaksne og 50 kroner for born. Dei kan kjøpast her eller i billettbui i Svingenbygget.

FOLKELOSJE

Sognekraft, Sognenett og Sygnir inviterer kundane sine til gratis folkelosje med pizza frå kl. 11.30, 2. etasje, felt H og I. Bestill med promokoden «Sognekraft2026» her innan 19. november kl. 12.00.

FAMILIE/JUNIORSVINGEN

Ta med borna på familietribuna og innom leikerommet vårt! Her vert det teikning, perling, brettspel og mykje moro.

Før kampstart får borna springe ei runde rundt midtsirkelen og tilbake – eit skikkeleg høgdepunkt for dei minste.

STUDENTAR

Studentar kjem gratis inn på Saftkokarfeltet! Bruk promokoden «kokarstudent» på TicketCo. Hugs studentbevis på kampen.

SENIORKLUBBEN

Møt opp ein time før kampstart i lokala til Seniorklubben ved sida av Skraol. Det vert servert kaffi og vaflar.

På programmet står Jon sitt hjørne. Deretter går me inn i Skraol og høyrer på trenarane. Ta gjerne med ein ven eller to.

SKRAOL

Start kampdagen på samlingsplassen Skraol! Her får du tilbakeblikk på tidlegare oppgjer, ferske intervju med trenarane og høve til å møte andre supportarar.

Med god stemning og litt å bite i ladar me opp til kamp.

Skraol opnar to timar før kampstart og stengjer ein time etter kampslutt.

SOGNDALBUI

Supportarbutikken vår held ope frå ein time før kampstart, i pausen og ein halvtime etter kampslutt. Du finn Sogndalbui i Sognekraftgata.

Sjå også sogndalbui.no.

BORTESUPPORTARAR

Informasjon for bortesupportarar:
https://www.sogndalfotball.no/billettar/bortesupportar

STAO NO PAO!

Gratis med drakt eller skjerf

Dette skal me klare saman. Difor held me fram med gratis inngang for alle som kjem i Sogndal-drakt eller -skjerf. Billetten får du ved inngangsporten.

For dei med verken drakt eller skjerf, har me set ned prisane til 100 kroner for vaksne og 50 kroner for born. Eventuelt sjekk ut sogndalbui.no.

Studentar kjem gratis inn på Saftkokarfeltet med promokoden «kokarstudent» på TicketCo. Ta med studentbevis.

Me går for meir jubel!
Me går for meir jubel!

Folkelosje med pizza og kampoppleving

Ta med familien eller klubblaget! Sognekraft, Sognenett og Sygnir inviterer kundane sine til folkelosje på kampen. Det vert servert pizza, og både trenarar og spelarar kjem innom losjen for å slå av ein prat. Arrangementet er gratis.

Program
11.30 Oppmøte i 2. etasje på Fosshaugane Campus, felt H og I. Sognekraftkonsernet ønskjer velkomen.
11.40 Servering av pizza, juice/Sprudle og kaffi
12.10 Kahoot-konkurranse
12.30 Informasjon frå trenarteamet
12.45 Oppmøte for Juniorsvingen
13.00 Kampstart Sogndal – Bjarg

Bestill gratisbillettar med promokoden Sognekraft2026 her. Påmeldingsfristen er 19. november kl. 12.00. Spørsmål om arrangementet kan sendast til sponsor@sognekraft.no.

Her må me mobilisere

Søndag treng me alle på tribunen. Ta på deg drakta, ta med deg nokon, og ver med og skap stemning. Stao no pao!

❗️ Gratis inngang med Sogndal-drakt eller -skjerf
⚽️ Kvalifisering til OBOS-ligaen, første kamp
🕐 Søndag 22. november kl. 13.00
🏟️ Fosshaugane Campus
🎟️ sogndalfotball.no/billettar

Annonse fra Obos-ligaen: