Vil du bli fotballspelar i Sogndal?

Born, student eller tilflyttar til Sogndal? Me har eit fotballtilbod til deg!

Sogndal Fotball består av så mykje meir enn berre A-laget, og me ønskjer å tilby eit fotballtilbod til alle. Uansett om du ønskjer å satse på fotballen, eller om du berre vil halde deg aktiv i kvardagen, kan du bli med på eit av våre tilbod! Ta gjerne kontakt og bli ein del av fotballmiljøet i Saftbygda!

Slik melder du deg inn som spelar i klubben

Ønskjer du eller barnet ditt å byrje å spele fotball hos oss? Følg stega under.

1. Bli medlem i klubben

Gå inn på Min idrett (minidrett.no) og logg inn.

  • Er spelaren under 15 år, skal dette gjerast av føresett. Deretter legg føresett inn barnet sitt som familiemedlem, der all kontaktinformasjon til foreldra gjeld.
  • Er spelaren over 15 år, kan spelaren sjølv logge inn og søkje om medlemskap.
  • Har verken spelar eller føresette ein Min idrett-konto, kan dei opprette ein på same nettstad.
  • Søk opp klubben og send inn søknad om medlemskap.

2. Klubben godkjenner medlemskapet

Når søknaden er sendt inn, vil klubben handsame og godkjenne medlemskapet.

Medan søknaden vert handsama, kan spelaren delta saman med laget han eller ho skal høyre til. Difor kan det vere nødvendig å ta kontakt med klubben tidleg i prosessen.

3. Registrering som fotballspelar

Når medlemskapet er på plass, sørgjer klubben for nødvendig registrering som fotballspelar i NFF/FIKS.

Du treng difor ikkje registrere deg i FIKS sjølv.

4. Har du spela for ein annan klubb tidlegare?

Dersom spelaren allereie er registrert som fotballspelar i ein annan klubb, må det gjennomførast ein overgang til ny klubb.

Ta kontakt med oss, så hjelper klubben deg med overgangsprosessen og nødvendig dokumentasjon.

Anton Sekkingstad, rekruttering- og miniputtansvarleg, antonsekkingstad@sogndalfotball.no

Barn og ungdom

Me har ei stor breiddeavdeling i Sogndal Fotball, med godt over 70 lag kvart år. 

Har barnet ditt lyst til å spele fotball, eller er de nye i Sogndal og på jakt etter eit lag? I Sogndal Fotball har me lag for både jenter og gutar i alle aldrar, og det er plass til både dei som er heilt nye og dei som har spelt fotball lenge.

Hos oss skal fotball vere kjekt, sosialt og utviklande. Nokon drøymer om å satse på fotballen, medan andre ønskjer å vere aktive saman med venene sine. Begge delar er like viktige hos oss.

For dei som ønskjer eit ekstra tilbod, har me også Sogndalakademiet, ei fritidsordning etter skuletid som kombinerer aktivitet, læring og fotballglede.

Om du ønskjer å bli med på eit lag eller har spørsmål om kva tilbod som passar for barnet ditt, er du velkomen til å ta kontakt med oss.

Kontaktpersonar barn og ungdom:

Kvinnefotball

På damesida har klubben to lag på seniornivå.

Sogndal damer 1 er eit lag som baserer seg på spelarar frå ungdomsfotballen (15-17 år), og spelar på seniornivå. 

Sogndal damer 2/Sogndal FK damer 2 er eit samarbeidslag med toppsatsinga Sogndal FK Damer. Om du ønskjer å satse på fotballen, eller om du berre vil ha ein sosial og aktiv hobby, har me tilbodet til deg. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller om du har nokre spørsmål.

Gjennom Sogndal FK Damer får ein moglegheit til å satse på fotballdraumen med topp fasilitetar og tilrettelegging. Dei spelar i 2. divisjon for kvinner, og får teste seg mot nasjonalt nivå. Dei siste åra har fleire tatt steget vidare til Toppserien etter spel her i Sogndal.

Kontaktinfo kvinnefotball:

  • Sebastian Kaldestad, dagleg leiar Sogndal FK Damer - sk@sogndalfk-damer.no, 977 42 699

Herrefotball

På herresida er det totalt 3 seniorlag i Sogndal Fotball. A-laget vårt spelar i OBOS-ligaen, Sogndal 2 spelar i 3. divisjon og Sogndal 3 spelar i 6. divisjon. Troppen i OBOS-ligaen består av profesjonelle fotballspelarar, medan Sogndal 2 er ei gruppe spelarar som satsar i 3. divisjon. Klubben har eit sterkt ønskje om å etablere dette laget i 3. divisjon, for å få ein betre utviklingsarena for våre spelarar. Sogndal 3 er eit breiddetilbod for alle som kunne tenke seg å spele fotball på fritida, både i trening og kamp.

Kontaktinfo herrefotball:

 

    Sogndal United
    Sogndal United!

    Sogndal United

    Sogndal United er eit lavterskel fotballtilbod for dei med psykisk og fysisk utviklingsnedsetting i Sogn og Fjordane. Sogndal United samlast ein gong i veka og gjennomfører varierte fotballøkter. Treningane blir lagt opp på ein måte som gjer at alle kan delta. Det er stort fokus på å ha det kjekt med fotballen, og det sosiale rundt ei slik samling. Her får ein verkeleg sjå engasjement, innsats og fotballglede! Trenar for laget er Julie Slattum Pettersen.

    Kontaktinfo Sogndal United:

    • Julie Slattum Pettersen, trenar - 47248877

    Me ønskjer dykk velkommen til eit av våre fotballtilbod, og håpar du vil ta del i fotballmiljøet i Sogndal!

    STAO NO PAO!

    Annonse fra Obos-ligaen: