
Bli med oss til Åsane!
Sogndal Fotball arrangerer bortetur til Åsane laurdag 30. august! A-laget
Laurdag 30. august møter me Åsane på bortebane, og me arrangerer busstur! Bli med oss på tur og fyll opp bortefeltet i svart og kvitt!
Bussen reiser frå Sogndal Skysstasjon kl. 09:00 på morgonen. Ruta går frå Sogndal via Lærdal og Voss til Åsane. Det er mogleg å gå på langs ruta, men ein må melde inn dette på førehand. Undervegs blir det diverse underhaldning og sal av supportareffektar på bussen. I Åsane blir det samling på Egon Åsane, og frå kl. 14:00 blir det pizzabuffet til alle deltakarane på turen. Me spanderer maten og 1 eining drikke pr. deltakar.
Frå Egon blir det felles marsj til stadion, og me håpar at også supportarar i Bergen blir med oss! Kampstart mot Åsane er kl. 16:00, og alle deltakarar får kampbillett inkludert i prisen. Saman skal me heie karadn fram til siger! Etter kampen blir det retur til Sogndal.
Pris:
- Vaksen: 500,-
- Barn (under 16 år): 300,-
Inkludert i prisen får ein:
- Buss tur/retur Åsane Arena
- Pizzabuffet på Egon Åsane + 1 eining drikke
- Kampbillett til Åsane - Sogndal
Det blir mogleg å kjøpe supportareffektar på bussen, og me tek med eit utval frå butikken for sal.
STAO NO PAO!