Bli med på bortetur til Åsane!
Sogndal Fotball inviterer til bortekamp mot Åsane søndag 11. oktober. A-laget
Sogndal Fotball inviterer til bortekamp mot Åsane søndag 11. oktober. Det blir sett opp buss frå Sogndal, og me håpar du ynskjer å vera med!
Det blir avreise frå Sogndal skysstasjon klokka 09.00. Etter kampen går turen direkte attende til Sogndal. Me håpar flest mogleg vil vera med og skapa ei god ramme rundt ein viktig bortekamp!
Før kamp blir det moglegheit for ei felles samling på Egon Åsane. Mat og drikke er ikkje inkludert i prisen og blir betalt av kvar deltakar. Deretter blir det felles marsj til stadion, og kampstart mellom Åsane og Sogndal er klokka 17.00. Alle deltakarar får kampbillett inkludert.
Inkludert i prisen:
- Buss tur/retur Åsane
- Kampbillett til Åsane – Sogndal i OBOS-ligaen
Pris:
- Kr 550,- vaksen
- Kr 400,- barn under 16 år
Turen blir gjennomført dersom me har nok påmelde.
Lenke til påmelding (TicketCo): Meld deg på her!
Påmelding innan tirsdag 6. oktober.
Bli med på tur og støtt Sogndal!