
Blytungt tap borte mot Raufoss
Me gjekk på same smell som dei andre topplaga i ligaen
Til pause leia heimelaget etter kontringsmål (17.minutt) og hadde fått ein god start på kampen dei første 20 minutta. Me kjem godt inn i kampen og får til mykje, men igjen var det ikkje avslutningar som gjekk inn mellom stenga. Me gir Raufoss litt for mykje rom, noko dei ikkje heilt klarer å utnytta for å auka leiinga endå meir før begge lag går inn til pausen.
Når dommar bles til pause kan me håpa på ein reprise av 3 kjappe til Sogndal slik som førre kamp (minus dei som kom etterpå) men slik vart det ikkje. Karane våre set press høgt i forsøk på å skapa noko, men har ikkje heilt dagen i dag, og det straffar Raufoss oss hardt på. Me kjem til fleire farlege sjansar men dessverre inga redusering. Raufoss aukar leiinga etter ei uheldig klarering frå kapteinen vår og Raufoss aukar til 2-0 etter 75.minutt.
Tore André byter inn friske bein i håp om at det kan komma reduseringar, og karane set endå høgare press. Det blir nesten fleire gonger, til stor frustrasjon for både spelarane og oss som ser på. Raufoss viser kvifor dei har vorte eit mareritt for topplaga, og kan no visa til 5/5 topplag slått - 1 minutt på overtid set Raufoss nådestøyten og stillinga står 3-3. Dette var blytungt å sjå på, men om ikkje anna kan ein vera imponert over prestasjonen til klubben frå Toten.
Fortent siger til Raufoss. No handlar det om å læra frå denne kampen og ikkje la dette knekkja trua på tabelltopp, og endå herlegare blir det å visa at me kan reisa oss fort opp igjen!
Tore André og trenarteamet har no ein jobb på å dra karane ut av skuffelsen og mot revansj kjensla inn mot heimekampen mot Skeid i helga! Det er i motgang det fort kan bety det vesle ekstra, so kom på Fosshaugane på Søndag og vis at trua er der!
Me som sit heime høyrer det var god kok blant supporterane som har reist til Raufoss for å støtta Sogndal, me takkar for støtta i motgang og medgang!
Takk til Raufoss og Marius Mykleset for bilder frå kampen i dag!
STAO NO PAO!