BRANN - SOGNDAL

Treningskamp i Vestlandshallen, avspark klokka 15.00

Ein lang sesongoppkøyring er snart over, i dag er me framme ved generalprøven, og det er ikkje kven som helst me skal spela mot.

Storebror Brann siglar opp som ein seriøs utfordrar til Rosenborg og Molde i år, det er altså god motstand i vente for karane våre i dag.

No er det jo slik at desse kampane mellom desse to rivalane har ein tendens til å leva sitt eige liv, og me skal kjempa hardt for å la desse bergensarane få litt av kvart å tenkje på før seriestarten neste helg!

Kaptein Mathias Dyngeland har vore ute med ein liten skade, men no er han klar til teneste og han gler seg veldig til å spela mot Brann.





Trenar Eirik Bakke er ikkje redd for å seie at me går for siger i dagens kamp. 

I årets Brann-tropp er det mange kjente fjes, og mest kjent for oss er Taijo Teniste, Azar Karadas, Gilbert Koomson og Petter Strand. Det blir kjekt å sjå dei att i dag!

Kampen er flytta inn i Vestlandshallen, les meir om dette på Brann.no 

Karane reiste til byen i går. Det er ein litt redusert kamptropp i dag, då me har eindel unge på landslagsoppdrag og nokre att i Sogndal med litt småskadar. Fokuset er inn mot neste helg, difor er ein kar som Eirik Birkelund ikkje med i dag.

Her er dagens tropp:
Mathias Lønne Dyngeland, Kristian Rutlin, Per Magnus Steiring, Stefan Antonijevic, Ole Martin Rindarøy, Eirik Lereng, Eivind Helgesen,Eirik Schulze, Johan Flo, Steffen Ernemann, Martin Ramsland, Joachim Soltvedt, Sixten Jensen, Badou, Akor, Sigurd Haugen, Mathias Sundberg

Me legg ut laget omlag ein time før avspark, som er klokka 15.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: