Brettar opp ermane

Sogndal Fotball tek julevasken på Fosshaugane Campus

Før helga hadde vår administrasjon og drift avdeling ein gjennomgang av alle rom og lager som har vore i bruk gjennom 2017-sesongen.

- Det handlar om å mentalt førebu seg til neste års sesong. Så er det godt å få rydda ordentleg, bretta opp ermane og gjere seg klar til at 2018 skal bli eit fantastisk år på Fosshaugane Campus, fortel marknadssjef Stine Lilloe-Olsen.

Kjøp sesongkort for 2018 her

Sosialt
- Det er godt å jobbe ilag som team, særleg i den fasen me er i no. Me er klar for å gi gass igjen i 2018, med mykje god energi og giv, seier Lilloe-Olsen.

Julevask på Fosshaugane
- Fosshaugane Campus er ein stoltheit me har, og det er viktig at den fremstår på ein god måte. Difor har me no gått gjennom kvar ein krik og krok for å gjere stadion vår klar til eit nytt og spennande 2018, avsluttar Lilloe-Olsen.

Sogndal Fotball dugnad rydding.
Gjennomgang av oppgåver ved marknadssjef Stine Lilloe-Olsen

Me gjer oss klar til å starte 2018 med blanke reine ark.

John Kenneth dugnad 2017
John Kenneth er klar for 2018

Annonse fra Obos-ligaen: