Bye matchvinnar!

Skåra sigersmålet 5 minutt på overtid!


Dei fleste hadde nok innstilt seg på at det vart 2-2 og poengdeling då klokka bikka 95 spelte minutt, men ein trønder ville det ikkje slik.

Bendik Bye prøvde først ein gong, skotet vart blokkert og Bendik plukka sjølv returen. Den banka han i nota med eit smell, og samstundes sendte han Fosshaugane til himmels. Endeleg var det vår tur til å få ein slik på tampen av kampen!

Les også: Sogn Avis: Bye banka inn vinnarmålet seks minutt på overtid! 

Dette vart ein litt rotete kamp, der bortelaget tok leiinga to gonger.

Først etter ein forsvarsfeil av oss. Sjølvmål og ein keeper som tok det på sin kappe.

Heldigvis svarte me umiddelbart ved Martin Ramsland. Han utnytta ein forsvarsfeil hjå Sandefjord, og utlikna berre minuttet etter skåringa motsett veg. Stadionuret stod no på 16 minutt.

Bortelaget gjekk deretter opp til 1-2 etter 39 minutt av 1. omgang. Heilt mot tampen av omgangen vart det endå meir dramatisk i ein allereie so innhaldsrik første del av kampen.

Martin Ramsland var på veg igjennom, vart lagt i bakken, og til store protestar frå bortelaget vart det straffe og raudt kort. Straffa ekspederte Gilbert Koomson kontant i mål.

Andre omgang fortsatte der første slapp. Det er ingen som kan seie at det var kjedeleg på Fosshaugane i dag. Måla vart det dårlegare med. Heilt til 5 minutt på overtid. Då dukka altså Bendik Bye opp.

Les også: Sogn Avis: - Det er utruleg deilig  

NRK: Innbytaren vart helten på overtid 

NRK: Sandefjord vil levera protest på dette raude kortet 

Kampreferat Firda Live 

VG om kampen 

Med dagens siger, gjekk me opp nokre plassar på tabellen, til ein 9. plass med 15 poeng. Det er imidlertid veldig jamnt i dette området, då lag nr 15 har tolv poeng, tre poeng mindre.

No tek gutta ein pustepause, og so er det kamp att på Fosshaugane om to veker. Då tek me i mot Odd, og billett til den kampen kan du kjøpa her

Annonse fra Obos-ligaen: