Cupen: Me møter Sotra i neste runde
Andre runde i NM blir flyttet på grunn av Hans Majestet Kong Haralds gravferdsdag. Se oversikten over kampene her. A-laget
Etter 8-0-siger mot naboen Fjøra på Fosshaugane Campus er me klare for 2. runde i NM.
No har Norges Fotballforbund sett opp kampane. Onsdag 16. september klokka 18.00 ventar bortekamp mot Sotra på Sotra stadion.
Sotra ligg på 5. plass i 2. divisjon avdeling 1 med ni sigrar og 35-17 i målforskjell etter 17 kampar. I 1. runde tok dei seg vidare med ein klar 6-0-siger mot Frøya.
Laget vert leia av Renate Blindheim, som i 2020 skreiv historie då ho vart den første kvinnelege trenaren på eitt av dei tre øvste nivåa i norsk herrefotball. Teodor Håland er lagets toppscorar så langt i sesongen med seks nettkjenningar.

I samband med gravferdsdagen til Hans Majestet Kong Harald valde Norges Fotballforbund å utsetje kampane i 2. runde av NM for menn og 1. runde av NM for kvinner. Opphavleg var kampane sette opp 9. september.
Dei fleste kampane vert spela 16. september, medan enkelte oppgjer vert flytta av omsyn til mellom anna E-cupspel.
Oppsettet for 2. runde NM menn er som følgjer:
Alta – Tromsø
Fløya – Rosenborg
Tromsdalen – Strømmen (8. september)
Rana – Bodø/Glimt (dato bestemmes senere)
Levanger – Ranheim
Stjørdals-Blink – Fredrikstad
Trygg/Lade – Molde
Brattvåg – Kristiansund
Træff – Hødd
Førde – Aalesund
Sotra – Sogndal
Sandviken – Åsane
Os – Brann
Bjarg – Bryne
Djerv 1919 – Haugesund (8. september)
Madla – Brodd-Viking (dato bestemmes senere)
Vindbjart – Start
Jerv – Egersund
Arendal – Sandnes Ulf
Pors – Stabæk
Notodden – Odd
Flint – Sandefjord
Hønefoss – KFUM (dato bestemmes senere)
Elverum – Raufoss
Eidsvold Turn – Kongsvinger
Asker – Strømsgodset (8. september)
Bærum – Aurskog/Finstadbru - Lillestrøm (dato bestemmes senere. Lavest rangerte lag får hjemmekamp)
Skeid – Vålerenga
Kjelsås – Hamkam
Gamle Oslo – Lyn
Grorud – Moss
Follo – Sarpsborg 08 (dato bestemmes senere)